Irriterande innsats

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
Eg rei mi eigen Vertigo Unique på Forus den 27. februar. Denne gongen er det min eigen innsats som fortjener mest refs. I varminga tok eg to prøvestartar. Unique galopperte i den fyrste, så eg tok ein til. Då var ho heilt fin. Eg hadde sjekken på i begge prøvestartane, og ho volta utan problem. Så då vart eg freista til å prøva det i løpet og, sjølv om eg på førehand hadde bestemt meg for å ha drasjekken heilt laus, for så å dra den opp etter me var komme frå start. Den planen burde eg haldt meg til. Unique er litt spesiell, og vanskeleg å få i gang i låg fart. Ho er nok ikkje tilfreds med å ha sjekken på når ho skal gå rundt i volten. Det resulterte i at eg ikkje fekk ho i trav, og då vart voltinga sjølvsagt elendig. Me fekk omstart for dårlig volting. Eg slakka ut sjekken meir og klarte så vidt å få fart nok på ho til å klara å vera på rett plass i volten, men det hjelpte lite då ho stod att og hoppa i galopp. Me tapte mykje før eg fekk ho ned i trav att. Då drog eg opp sjekken, og ho la seg til. Ho fungerte strålande etterpå, og fekk eit fint hurtigarbeid.

Det positive er at eg no har kontroll på kva balanse ho fungerer fint på. Me hadde piggar på alle fire denne gongen, for å vera sikker på at ho fekk feste. I tillegg hadde me sålar framme. Etter varminga la me og på nokre lette bussar framme, med tanke på at ho vart litt rullete og galopperte i den eine prøvestarten. Så no er me i det minste eitt steg vidare. Neste montéløp får heller bli autostart, så håpar eg ho skal få visa seg fram også under sal.

Det vart ikkje den starten eg håpa i ny drakt, men det kan berre gå ein veg. Neste gong skal eg vera i rett ende igjen! Eg har ridd i vinterfôra jakke tidligare, men eg merka faktisk ikkje noko til at eg hadde tynn jakke denne gongen. Så langt er eg strålande nøgd med den nye drakta og buksa.

Kommentarer

Populære innlegg