Dg med Shanaia

Foto: Arnfinn Roaldsøy/www.fotobertil.net
Shanaia var ei stor og flott hoppe, som eg fekk ri i løpet 20. mars. Eg varma ho rolig, delvis i hesteringen på grunn av omstartar. I prøvestarten eg tok i varminga fungerte ho strålande, så eg valgte å ikkje riva av skorne etter varminga. Ho tok fint avgarde og trava med god spenst.

Det vart mange omstartar i løpet, og ho rista ein del i hovudet når eg måtte stoppa ho i omstartane. I den eine omstarten slo ho over i passgang, så eg bestemte meg for å berre la ho få gå det ho ville. Me kom fint i gang frå start og kom til i tredje-fjerde innvendig. I første svingen vart det problem då ein av hestane framføre galopperte, og det vart kjedekollisjon. Det vart veldig trangt, og galoppen var uungåeleg. Då var løpet øydelagt. Eg rei rolig etterpå, og ho gjekk veldig fint. Eg burde nok dratt opp sjekken litt til slutt, for ho rulla over i galopp på slutten. Likevel fekk eg eit positivt inntrykk av Shanaia, og eg håper å sjå ho i montéløp igjen.

Kommentarer

Populære innlegg