Eit gledeleg montéløp!

Det er klart for nytt montéløp på Forus igjen. Denne gongen er eg svært nøgd med innmeldinga, sjølv om det berre er 9 hestar på startstreken. Heile 5 av 9 hestar er montédebutantar, utan prøveløp bak seg, og 4 av 9 hestar kjem frå trenarstallar. Det er eit steg i riktig retning. Jo fleire som får auga opp for montésporten, jo betre sport får me.

Eg skal sjølv ri Shanaia, som aldri har gått monté før. Ho er ridd ein del i trening. Torsdag vart ho testa av Synne Nybø i eit rolig hurtigarbeid, og fungerte fint etter litt justeringar på balansen. Eg har aldri vore borti hesten før, men det er ei stor og flott hoppe. Ifølgje oppassaren har ho stoppa litt dei siste hundre meterane i det siste, så monté er eit forsøk på å få ho til å gå heilt i mål. Med det i tankane, reknar eg med at ho er ein premiekandidat.

Det er eit litt vanskeleg løp å vurdera. Eg har tru på debutantene Quickwin og Brotherman Nibs, og dei rutinerte montéhestane Ideal Va Bene og Lucky Run. Under finn d kommentarane eg har henta inn og mine vurderingar.

Motstanden: 
1. Cecilia Linn: Montédebutant. Ifølgje ryttaren er ikkje hesten testa i hurtigarbeid, men er masse ridd i trening. Skal ha fordel av å vera med framme og jamnt bra tempo undervegs, ifølgje Irmelin.
2. Golden Loom: Trenaren Kari Anne, seier at ho ikkje trur ho er noko for spelarane i sitt første montéløp. Ho trur og håpar at ho frir seg betre i monté enn i vogn. Ho har gått eitt hurtigarbeid med sal i banen, og fungerte greit då. 
3. Quickwin: Nok ein montédebutant. Har snakka med Stine, som jobbar hjå Øystein. Ho informerte om at hesten har gått eit rolig jobb under sal, der han fungerte fint. Han er mykje ridd, sidan han blir trent i galopp i sandløypa på garden. Stine meiner det er ein ok montéhest, og ho trur han kjempar på trippelen. Trenaren Øystein Tjomsland skriv at han ikkje er testa, men at han trur han er bra i monté og har god rytter.
4. Brotherman Nibs: Har eg ikkje lukkast finna ut noko meir om enn at han ikkje er testa i banen under sal. Eg trur likevel dei reknar med han skal duga, sidan han er meldt her. Personleg har eg tenkt at dette kan vera ein fin montéhest. Han galopperer mykje, men det treng ikkje bety at han gjer det samme under sal.
6. Ideal Va Bene: Imponerte til siger sist. Står perfekt inne grunnlagsmessig. Har gått mange gode montéløp, og sist kjempa han heilt inn. Med tilsvarande innsats skal han reknast i sigersstriden igjen.
7. Ronja Siem: Jaktar premie.
8. Lucky Run: Står litt dårlig inne, med sine 40 meter tillegg. Var ute i eitt sulkyløp sist. No er det monté, og då skal ho aldri avskrivast. Veldig flink under sal, og skal nok kjempa seg inn på trippelen igjen. 
9. Recommendational: Gjekk fort på distansen i fjor. Vart strøket sist han skulle starta på Forus, så no har han gått over ein månad utan løp. Før det hadde han lang pause, men er nok sett opp til løp sidan dei tek turen til Forus.

Startliste:
Løp: 7  MONTÉLØP  (ca. kl. 21:00)
MONTÉLØP
For 4-12-årige høyest 525.000 kr.
2040 m. Monté. Tillegg 20 m. ved vunnet 125.001 kr., 40 m. ved 275.001 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Cecilia Linn Irmelin Risa 93.000 1.17,5v 1.15,3a
2040 2 Golden Loom Marie Øvestad 83.000 1.17,5v 1.16,1a
2060 3 Quickwin Malin Berås 201.198 1.16,0v 1.12,8a
2060 4 Brotherman Nibs Brit Lea 253.500 1.17,4v 1.13,9a
2060 5 Shanaia Charlotte Svendsen 220.000 1.16,2v 1.14,0a
2060 6 Ideal Va Bene Hilde Rogstad 262.000 1.16,6v 1.14,5a
2060 7 Ronja Siem Beate Barka 152.197 1.16,6v 1.15,0a
2080 8 Lucky Run Tonje Gudmestad 293.000 1.16,5v 1.15,4a
2080 9 Recommendational Lise Hjetland 452.836 1.14,7v 1.11,9a

Kommentarer

Populære innlegg