Innblikk i min dag på travbanen

I ein travel kvardag er travkjøring vekas høgdepunkt. Alt arbeidet me legg ned i hestane, kvar einaste dag, er bygd opp mot håpet om at dei skal prestera på topp på løpsdagen. Akkurat denne dagen, tysdag 20. mars, var litt spesiell.

Eg var ferdig på jobb klokka 15. Då var det fyrst ein kjapp tur heimom for å setja middagen i ovnen, så bar det rett i stallen. Der stod fletting på programmet. Denne dagen skulle alle dei tre løpshestane våre starta, så då må dei ta seg bra ut. Hestane vart fletta både i panneluggen, og i manen fekk dei flette med silkebånd for å matcha fargane på resten av utstyret. Så var det berre å storma vidare til Norsk Rikstoto sitt informasjonsmøte på Forus.

Løpsdagen på Forus startar med første løp klokka 18.55, men det er mykje som føregår i stallane før den tid. Denne dagen skulle eg ri montéløp, altså løp der rytteren sit på hesten sin rygg, i staden for ein kusk som sit bak i vogna. Hesten eg skulle ri hadde tatt turen frå Bergen, og stod oppstalla i stallen i motsatt ende av der eg skulle sela opp våre hestar. Dermed lånte eg med meg hesten og utstyret, slik at eg hadde alle samla på ein plass, for i heile tatt å klara å løysa logistikken. Min mann og svigerfar kom med hestane våre rett over klokka 18. Då må hestane og utstyres lastast av og innstallerast i boksane sine.

Det er ganske mykje utstyr me skal ha med oss. Hadde eg vist bilete av alt me har med oss, trur eg folk hadde fått sjokk. Det ser ut som eit lite flyttelass kvar gong. Hestane er pakka inn i dekken, og har bandasjar på beina for å beskytta mot skader under transporteringa. Når dei skal i løp, er det igjen belegg på beina for å beskytta mot skader. Hestane må ha sele på seg, slik at me har noko å festa vogna i. I tillegg må dei ha eit hovudlag med bitt i munnen, slik at kusken skal kunna styra hesten undervegs.

Min hest heiter Vertigo Unique. Ho skulle starta i dagens tredje løp. Det skulle gå klokka 19.40, så eg byrja å førebu ho litt over ein time før. Mange travhestar går ut i oppvarming om lag ein time før løpets start. Det synest eg personleg er litt tidlig. Dette er mest fordi, etter eg sjølv byrja å springa, så kan eg ikkje forstå korleis eg skulle klart å prestera om eg fyrst hadde varma opp, og deretter hadde venta nesten ein time før eg skulle ut å springa igjen. Så eg tek min eigen vri på dette, og varmar opp hesten tettare opp mot løp. Det fører stort sett til at eg tek meg av oppvarminga sjølv. Før hesten er klar til oppvarming, må transportbandasjane rullast av. Hesten er fint børsta og stelt før han reiser frå stallen. Så når me tek av dekkenet på travbanen er det berre til å leggja selen rett på den reine hesten. Alt må justerast slik at det passar, og kontrollerast for å sjekka at alt er heilt og i orden. Denne biten tek eg alltid før eg pakkar utstyret ned i bagen, som oftast ein dag eller to før løpsdagen. Uansett er det greitt å ha ein siste kontroll før ein sender hesten ut av stallen. Når selen, hovudlaget og vogna er på, er hesten klar.

Oppvarminga mi består først av ein liten skrittetur, eller gåtur som me ville sagt om det var menneske. Deretter kjører eg ut i løpsbanen. På Forus er den 950 meter lang, med doserte svingar for at det skal vera lettare for hestane å springa så fort som mogeleg. Dei fyrste to rundane går i heilt rolig fart. På den tredje runden lar eg ho få lov til å strekkja litt på beina. Eg køyrer ikkje fort, men i eit litt raskare tempo, som ho sjølv veljer. Den siste runden køyrer eg i rolig fart igjen. Akkurat i denne oppvarminga kjente eg at alt stemte, og at ho fungerte akkurat slik eg ville. Eg tok meg sjølv i å sitja å smila, der eg sat i vogna med den svarte halen flagrande framføre andletet mitt. Det er ikkje sikkert at du, som aldri sjølv har kjent på kreftene frå ein hest, klarer å forstå korleis me kan finna det inspirerande å sitja med sikten rett inn i ei hesterompe. Eg skal prøva å forklara det kort.

Kvar einaste dag går det mange timar med i stallen. Det er alt i frå å leggja opp treningsplan til stallarbeid som å børsta hesten, stella sår, førebyggja sår og skader, ta møkka ut av boksane, gje hestane mat og ikkje minst trena dei. Det er svært få ting som er tilfeldig i våre travhestars liv. Alt er tilrettelagt for at hesten skal ha det topp. Eg har alltid sagt at trav ikkje er berre ein hobby, det er ein livsstil. Me vert plaga i i timevis dersom noko er gale med hesten, me bekymrar oss for at me har gjort noko gale og prøver å finna ut korleis me kan løysa problemet på ein god måte. Terapien i dette er samspelet ein får med hesten, når ein oppheld seg så mykje saman. Den kjensla du får når hesten forstår kva du vil, lenge før du har gitt han beskjed. Kjensla av å vera knytt saman av sterke, usynlege band. Når du får oppleva alt hesten vil gjera for deg, berre fordi det er akkurat du som ber han om det. Det er kjensle av meistring, glede og varme. Å sitja i fred og ro i ei vogn, bak ein hest som arbeider fordi han vil, og høyra på fuglekvitter og kjenna vêret i andletet. Eg skulle gjerne skrive sola, men røyndommen er den at me nyt dette, uansett kva vêr det måtte vera. Om sola skin og ein sveittar, eller om regnet høljar og alt blir gjennomvått, om vinden nesten bles av deg kleda eller himmelen sender ned dei største haglbygene du kan tenkja deg. Me trenar saman på friske vårdagar, varme sommardagar, våte regndagar og vinterdagar fulle av sludd og slaps. Betalinga får eg, ved at hesten kvar einaste dag, vert glad for å sjå akkurat meg.

Så var me tilbake på travkjøringa. Unique er ferdig oppvarma, og etter ein kort skrittetur tilbake til stallen får ho komma inn på boksen igjen. Det er så kort tid til løpet skal gå, så ho står med utstyret på. Ho vert pakka inn i tepper, slik at ho ikkje skal verta kald. Ho nyt dei minuttane ho står der for å lada opp. Snart er høgdepunktet kome.

Alt utstyret matchar. Foto: Arnfinn Roaldsøy.
Dekkenet vert fjerna. Unique får koma ut igjen. Ho struttar av løpslyst der ho går med sikre steg ut av stallen. Blikket er våkent, og ho tek inn alle inntrykka rundt seg. Det myldrar av liv i hesteringen, altså der hestane oppheld seg på løpsdagen. Folk spring fram og tilbake til hestehengarar, dei hentar utstyr, snakkar med kvarandre og med hestane, flytter på vogner, seler på og kjører med hestane. Alt skjer i ulikt tempo. Unique og eg pleier alltid skritta ein liten tur, før ho skal ut å konkurrera. Så me går gjennom hesteringen, kikkar på folk og ladar opp inni vår vesle boble. Eg kjenner det kriblar i kroppen. Adrenalinet pumpar rundt i blodet, og får hjarta til å jobba endå fortare.

Denne kvelden tek Svein Ove Wassberg seg av kuskinga i løpet. Han er ein profesjonell travkusk frå Bergen, som har vunne over 1500 travløp. I det han overtek tømmane, vert eg svært fokusert på løpet. Akkurat i dei minuttane frå eg leverer frå meg hesten, og til løpet er i mål, klarer eg ikkje å forstå kvifor eg vil meg sjølv så vondt. Eg vert så nervøs. Det er ikkje fordi det eigentleg har nokon betydning for korleis løpet går, for eg elskar å halda på med dette, uansett resultat. Men likevel så betyr det noko meir. Me har jobba så lenge og så mykje mot at hesten skal fungera og yta maksimalt akkurat i dei minuttane løpet føregår. Når eg leverer tømmane til kusken, er det ikkje meir eg får gjort. Då er det opp til kusken og Unique å gjera resten. Et trur det er akkurat dette som gjer at eg blir så ekstremt nervøs. Den kjensla av at eg ikkje kan bidra meir, at det ikkje er meir eg kan gjera for å endra resultatet. Dei gongane eg sjølv sit i vogna, eller på hesteryggen, og skal konkurrera, har eg ikkje dei same nervene. Det største kicket for meg får eg ved å stå på sidelinja og sjå på.

Minuttane er lange fram mot løpet. Eg veit ikkje kvar eg skal gjera av meg. Eg går rundt meg sjølv. Eg går rundt i ring. Alt eg kan for å prøva å tenkja på noko anna, eller for å prøva å roa meg sjølv ned. Det fungerer svært dårleg kvar einaste gong. Så kjem oppkjøringa. Denne gongen er det autostart. Det vil seia at alle hestane i løpet kjører opp bak ein spesialbygd bil, med ei slags avlang grind bak, som gjer at alle hestane startar akkurat på linje på startstreken. Bilen køyrer fortare og fortare, og hestane akselrerer i takt med bilen. Høvene treff bakken med stor kraft, og skyv hestane framover. Kuskane sit bak i sulkyane sine, altså vognene, og gjer sitt beste for å finna den perfekte posisjon. 100 meter til start. Det er ikkje lenge igjen før dei er i gang. 50! "Der gikk starten, og vi er i gang," fortel speakeren utover anlegget.

Unique får ein fin start, men det er fleire hestar som er kjappare enn ho i dag. Svein Ove er dyktig, og køyrer ned i andresporet. Den fyrste hesten dempar på farten, noko som gjerne betyr at han ikkje hadde planar om å køyra fremst i dag. Det oppfattar Svein Ove, så han køyrer rolig framover til ledaren, og får overta tetposisjonen. På sidelinja står eg, endå meir stressa enn eg var for eitt minutt sidan. No ligg ho fyrst. Og ho har kome dit på ein rolig og enkel måte, noko som igjen legg meir press på meg sidan eg då meiner ho skal vera nok trent til å klara å kjempa om seieren. Målet i travløp er å koma fyrst til mål, i rett gangart - altså i trav. Og når eg ser at ho har sjansen til det, vert det endå meir spennande. Løpa er bygd opp av taktikk, og i dag vil Svein Ove at ho skal få eit rolig løp. Han køyrer så seint han får til, og ingen av konkurrentane er interessert i å koma fram til Unique for å pressa opp farten.

Dette skulle eigentleg berre vore positivt. Men for meg er det nesten uuthaldeleg. Eg vil jo at løpet skal bli fort ferdig, slik at eg slepp å vera så nervøs. Han køyrer seinare og seinare med Unique. Eg vert meir og meir nervøs. Tenk om den seine farten gjer at ho ikkje orkar skru opp att farten i rett tid. Tenk om hestane bak har ein raskare sluttspeed. Det er så mange tankar eg rekk å koma inn på i løpet av desse sekundane. Ein runde frå mål er ho framleis først. Løpet går over 2040 meter. Det vil seia litt over to rundar. Dei to rundane kjennest frykteleg lange når ein står på sidelinja. Unique storkosar seg på jobben sin. Det viser ho ved å springa med hovudet elegant heva, halen i været og øyrene klipper fram og tilbake. Ho leikar seg!

Ho nærmar seg 500 meter igjen av løpet, då passerer ho meg. Eg klarer ikkje halda meg lenger. Maninga mot mål har byrja. "KOM IGJEN, UNIQUE!" skrik eg frå sidelinja. Eg er sikker på ho høyrer meg. Eg klarar ikkje lenger stå stille. Eg hoppar opp og ned. Skrik igjen og igjen. Hendene klarar eg heller ikkje halda i ro, så eg slår dei mot bommen, som hindrar hestane å koma seg ut av banen om dei skulle koma seg laus. Ho nærmar seg oppløpssida. Framleis er ho først, men ein av dei største konkurrentane spring rett bak ho. Den ventar på opning stor nok mellom hestane til at han får fri bane til å leggja inn sluttspurten sin. Dessverre for nervene mine, kom opninga for konkurrenten, som heiter Jag Photo. Jag Photo tek opp jakta på Unique.

Svein Ove ber Unique yta det vesle ekstra. Ho har tilleggsutstyr som øyreproppar, som gjer at ho får
Sigersfeiring med sterke band. Foto: Ida Mari Holme.
inn alle lydane når dei blir fjerna. Svein Ove dreg i snora for å fjerna proppane. Det resulterer i at Unique aukar farten endå meir. Ho har og noko som heiter draskylappar på hovudlaget sitt. Det er nokre små plastplater, som kusken kan dra ned for å skjerma litt av sikten til hesten, noko som igjen ofte gjer at hesten aukar fokuset på oppgåva. Midt på oppløpet dreg han draskylappane ned. Unique svarar igjen med å auka farten. Jag Photo er komme delvis opp på sida. Eg hoppar opp og ned på sidelinja, og roper "KOM IGJEN!" Kjenslene tek heilt overhand. Eg veit ikkje om eg eigentleg er tilstades, men at det er eit adrenalinkick er det liten tvil om. Jag Photo klarer ikkje henta inn igjen Unique. Ho held leiinga si heilt inn til målstreken, og kryssar mål som vinnar! Det er heilt fantastisk. Tårene mine trillar. Eg hoppar opp og ned i min heilt eigne sigers-hoppe-runddans. Sannsynlegvis er det dette som er å bli hoppande glad! Ho klarte det igjen.

Første dag ute.
Unique har eg fulgt kvar einaste dag frå ho sette beina sine på jorda 18. april 2012, så det er mange timar nedlagt i desse åra. Ho har delteke i 44 travløp, og har klart å kryssa mållinja fyrst i åtte av dei. Spenninga eg opplever kvar einaste gong ho stiller på startstreken er nesten ubeskrivelig, men eg håper at dette, altfor lange blogginnlegget, kan gje deg eit lite innblikk i korleis eg opplever den fantastiske travsporten. Sporten vår har så utruleg mykje meir å by på enn eit nummer på eit papir. Eg håper at du ein dag vil ta turen i ein stall eller på ein travbane for å oppleva det fine me får ta del i.

Eg stoppar innlegget her, sidan det allereie er for langt, sjølv om dette berre var fram til og med tredje løp.

Kommentarer

Populære innlegg