Uplassert med Ican Youcan

6. mai rei eg løp på Ican Youcan. Ho var finare i vaminga denne gongen, og fungerte betre enn sist eg rei ho. Me sette på draskylappar til dette løpet. Då eg rei bak bilen kjende eg at me sleit med å halda følge med bilen, så me tapte ein del frå start. Eg rei inn i førstespor, og prøvde å komma inn i løpet. Sjølv om ho fungerte betre i travet, så tapte ho mykje på svingane. Eg rei ut i andrespor ein runde frå mål, og då gjekk ho betre gjennom nest siste sving og siste bortre langsida. I siste svingen tapte me masse, og ho var oppe i 1.22-fart, og dermed tapte me mange lengder. På oppløpet tok ho i igjen, og henta meter på meter, men me klarte akkurat ikkje nå att femtehesten. Dermed enda me som første utan premie denne gongen. Ho var brunstig denne dagen, men eg trur ikkje det er unnskyldning nok. Kanskje burde ho gått med heilstengt, for å vera litt meir på hogget.

Eg held på å finjustera på sitsen min, og stramma stigbøylane endå eit hakk i dette løpet. No har eg stramma tre hakk etter eg fekk att lisensen, så får eg sjå kvar eg endar opp mest komfortabel til slutt.

Foto: Arnfinn Roaldsøy - www.fotobertil.net

Kommentarer

Populære innlegg