To prøveløp denne veka

Det nærmar seg Forus Open-helga. Det er eit monteløp inntil 290.000 kr på lørdagen, og eg har sjølvsagt lyst å ri der, så då må eg prøva å få godkjent hest til det løpet. Denne veka har eg to sjansar. På torsdag er det lunsjtrav på Forus. Eg skal ri prøveløp på Eck Black Attack. Det er ein stor og flott hest, som eg har spurd om å få prøva under sal. Så eg er veldig spent på om ho likar det. 


På søndag prøver eg meg på ryggen til Grandes Look. Det er og ein stor og fin hest. Ida Beate som eig og trenar meiner han skal egna seg godt i monte. Eg håpar ho har rett, og gler meg til å prøva han. 

Eg har ikkje testa nokon av dei, og så vidt eg veit har dei ikkje blitt testa i heile tatt under sal i banen. Det er alltid litt ekstra spennande når ein ikkje veit noko om hestane, men det pleier sjeldan vera problem med hestar som er vane med å gå travløp. Eg set stor pris på å få lov å prøva nye hestar iallfall. 

Kommentarer

Populære innlegg