Løp med Ican Youcan

Foto: Elli Ommundsen
På lørdag er det V75-kjøring på heimebanen min, Forus. Dagen startar med eitt montéløp med 9 hestar til start. Sjølv rir eg nummer 6 Ican Youcan. Ho er framleis litt urutinert med sal. Ho trava 19,3 då eg rei prøveløp på ho, etter å ha hatt sal på seg berre to gongar før det. Første montéløpet gjekk ho 17,5 på volte over mellomdistanse, så ho var mykje betre då enn i prøveløpet. Om ho går like mykje fram til dette løpet, så håpar eg ho skal få seg ein fin premie. Eg trur autostart er ein fordel. Det er nokre flinke montéhestar med i løpet, men om nokon av dei plutselig skulle ha ein dårlig dag, og ho sjølv er forbetra, kan ho kanskje klara siste trippelplassen. Denne gongen kjem ho ut med draskylappar.

Motstanden:
1. Miss Joeleen K.B: Har fortsatt ingen premiar under sal, og jaktar sin første montépremie her.
2. Onyx Bi: Vann to montéløp på slutten av fjoråret, og gjorde fine innsatsar då. Står med tre uplasserte på rad no, men Elisabeth har overtatt treningsansvaret sjølv, så eg reknar med han skal vera med her likevel. Trippelkandidat. OBS STRØKET.
3. Lucky Run: Stortrivs under sal og er veldig god frå tet. Ny rytter denne gongen. Maylen har gjort det godt i sulkyløp, men dette er hennar montédebut. Lucky Run er litt spesiell, men på tidligare resultat skal ho duga, sjølv om det er litt annleis med ny ryttar.
4. Diego Kievitshof: Med 8 trippelplasseringar på sine 12 løp, er det liten tvil om at han trivs under sal. Han har ikkje trava fortare enn 16,6 på distansen, men då var det volte. Eg trur likevel dette er ein av hestane som kan vera på trippelen her.
5. Juliano's Pride: Gjorde eit heilt enormt montéløp i sin siste start. Trava 15,8 på volte då. Har berre gått autostart under sal ein gong før, då vart han diska for galopp. Så lenge han held seg i trav, om han er like god som sist, kan det vera så enkelt at dette er vinnaren.
7. Touch My Shadow: Har gått to montéløp, og trava på 1.16-talet begge gongane. Dette er ein hest eg har veldig tru på i monté, og han ser veldig fin ut under sal. Eg vert ikkje overraska om han kjemper i toppen her.
8. Starson S.E.: Galopperte seg vekk i montédebuten sin, men eg trur eigentleg han er ganske travsikker. Stor og flott hest, som eg trur skal passa godt i monté når han held seg i rett gangart. Han har ikkje fått premie sidan juli i fjor, så han bør vel visa noko meir før han skal verta veldig betrudd. 
9. Bar Story: Vann eit sulkyløp 19.januar i år, men før det har han ikkje fått premie sidan april i fjor. Formen er kanskje ikkje på topp, men det er stalljenta hans som skal ri han denne gongen, så det kan kanskje vera positivt at ho kjenner hesten godt. På gamle merittar er han god nok til å vera langt framme, men før han har dokumentert form er det vel mest realistisk at han er ein premiekandidat. Han vart ettermeldt til løpet, så det tydar kanskje på at trenaren meiner det er eit løp han skal kunna duga i.

Kommentarer

Populære innlegg