M.H. Sylvia klar for travritt

Tysdag 2. mai rei eg prøveløp på M.H. Sylvia. Ho har 51.700 kroner i grunnlag og har rekord på 30,9. Eg hadde ikkje prøvd ho før prøveløpet, så eg var litt spent på korleis ho fungerte. Ho var ei enkel dame, som gjorde det ho fekk beskjed om. Me sette på ei gapegrime etter varminga, men elles fungerte ho fint akkurat slik ho gjekk.

I prøveløpet fekk me ein god start, så god at me nesten tok att varmblodshestane på strek før dei fekk opp dampen. Eg prøvde å ri litt rolig første runden, og så auka farten litt meir til slutt. Ho fullførte prøveløpet fint på 35,6, og har nok meir å gå på tidsmessig. Elli Ommundsen tok nokre flotte bilete av oss i varminga:





Kommentarer

Populære innlegg