Løpsutstyr - rytter

Eg har allereie blogga om det løpsutstyret eg brukar på hesten og bagane eg har utstyret mitt i, men ein utstyrsblogg om det eg har på meg sjølv manglar.

Kva eg har på meg i løpa varierer med årstidene. Om vinteren har eg ullundertøy, opptil fleire lag, under drakta og ridebuksa for å halda varmen. Eg plar ha med meg eit par reservesko som er varme som eg kan ha på meg mellom varming og løp for å få varmen i beina. Om vinteren har eg lange sokkar i ull i ridestøvlane, medan eg brukar bomullsstrømper om sommaren.

Eg brukar Equi-Theme Verona Wide-ridestøvlar. Dei er mjuke og gode. Sidan dei fins i vid modell, så får til og med eg lukka dei rundt leggane mine. Dyresport.no sel dei.
Når eg køyrer rekruttløp brukar eg jodphurs. Eg synest det er rart at "kjøresko" faktisk er på moten. Mine køyresko er brune og eg kjøpte dei på Hööks for mange år sidan.

Alle mine ridebukser er frå TKO. Det er vel eigentleg den korte modellen av galoppbukser eg brukar, men dei eignar seg veldig godt i monté. Det beste av alt med desse buksene er at dei vert like kvite att, sjølv om dei vert veldig skitne i løpa. Det einaste du må passa på når du kjøper buksa er at størrelsane er kjempesmå, så å gå opp ein til to størrelsar er nødvendig.

Når det regnar brukar eg den vanntette regnbuksa, som kan kjøpast hjå dyresport.no.


Sommarridebuksa mi ser slik ut, den har til og med ein matchande blå saum. Du kan kjøpa den her.

Vinterbuksa mi er eg veldig glad i. Den har eit lag med fôr inni, og er mjuk og behageleg. Du kan kjøpa den hjå dyresport.no.


Eg har ein Racesafe jockeyvest som eg rir med i løpa. Eg har kjøpt den brukt, men den kan kjøpast på Øvrevoll.

Begge montéjakkene mine er levert av Wahlsten og sponsa av dyresport.no. Eg har ei vinterjakke som eg likar godt. Den er vanntett og har fôr inni, så den er god å bruka på kalde og våte dagar. Det gjer godt å sleppa å bli våt og kald når ein skal yta i banen. (Biletet til venstre, kan kjøpast her.) Sommarjakka er i eit mykje lettare stoff. Den er ikkje vanntett. Armane er avtagbare og den er veldig lett og ledig til dei løpa eg rir når det er varmt i lufta. (Biletet til venstre.)


Hjelmen min har eg fått av sambuaren min Stian i bursdagspresang. Så det er ein lakkert hjelm frå Mira.


Eg har og fått eit spesialsydd hjelmtrekk frå sponsoren min. Dette brukar eg ofte i hurtigarbeid for å beskytta hjelmen, og då spesielt på dagar der banen er ekstra gjørmete. Du kan bestilla hjelmtrekk i dine fargar hjå dyresport.no.


Eg brukar ulike hanskar om vinteren og sommaren. Vinterhanskane mine ser du til venstre. Dei har eg hatt i mange år, og er kjøpt på ein lokal butikk. Vinterhanskane mine er tjukkare og dei er fôra med fleece slik at eg ikkje vert så kald. Hanskane til høgre er Wahlsten sin sommarmodell som er utvikla i samarbeid med Jos Verbeeck. Dei er veldig mjuke og gode og gjer eit godt grep. Dei kan bestillast hhttp://www.dyresport.no/index.php/jå dyresport.no.

 

Eg brukar litt ulike typar briller. Vanlegvis har eg brukt TKO og Finn Tack sine bilete med strikk for å få dei til å hengja. Når eg køyrer løp har eg brukt brilla til venstre på biletet. No har eg gått meir over til TKO sine briller utan strikk. Dei har god passform sidan du kan stilla på reima bak øyra, og det er dei einaste brillene eg har hatt som faktisk heng under hjelmen utan strikk.


Eg kjøper det meste utstyret eg brukar hjå dyresport.no, rett og slett fordi dei er billegast på det aller meste av utstyr. Nokre gongar kan det ta litt tid før varene kjem, men eg ventar heller litt lenger for å spara nokre kroner.

Kommentarer

Populære innlegg