Fin 3. plass i Bergen

Pay Back Money vart varma i sulky i går, og han såg veldig spenstig og fin ut. Han er litt spesiell, så eg kjente litt på han i prøvestarten og det enda i galopp. Heldigvis kjenner eg han så godt at eg veit kva eg må gjera for å halda han i trav. Pay Back var pigg bak bilen, og då bilen auka tempoet kjente eg at startsida kom til å gå fort. Han fekk tøylelenga han trong, senka hovudet og freste avgårde bak bilen. Teten vart vår overraskande enkelt. I fyrste svingen fekk eg dempa farten, men på langsida rei dei bakfrå så eg måtte halda han på hogget. Fyrste 500 meter gjekk raskt på 1.12.

Eg valgte å sitja i tet med han dette løpet, og fekk dempa farten ein del til 1.14,7 første 1000 meter. I siste svingen tok han eit par steg som gjorde at eg valgte å støtta han gjennom svingen og vera på den sikre sida og unngå galopp. Dermed passerte to av hestane i feltet oss. Eg synest likevel han haldt godt og gjekk bra ned oppløpet. Me kom i mål til 3. plass på 1.17,3.

Endeleg var eg tilbake på trippelen i monté att. Det har eg ikkje vore sidan eg rei Giant Augustinu i august, og før det var det Pay Back sin andreplass i april i fjor.

Kanskje burde eg prøvd å dempa endå meir i løpet, men eg er litt redd for å ta for mykje i han fordi han er litt spesiell og då risikerer eg at han galopperer. Uansett trur eg ikkje me hadde vore lenger oppe på premielista i dag, me tapte for betre hestar. Og Pay Back er nok ingen tetløpar, men no har han vore på trippelen frå den posisjonen òg. Det var veldig deilig med ein montéopptur.

Sidan eg ikkje veit om nokon som tok bilete, har eg tatt dette frå Rikstoto Direkte:

Kommentarer

Populære innlegg