Kvil i fred, min beste venn

I dag har eg ikkje lyst å vera sterk. Eg har lyst å leggja meg ned i senga, rulla meg saman til ein bylt og la tårene trilla. Noko tårene forresten har gjort i mange dagar allereie. Å la sin aller beste venn forlata denne verda er heilt ubeskriveleg. Det er umogeleg å setja ord på kor mykje du har betydd for meg, min elskede Crown. Me har delt mange oppturar og nedturar. Og du er den einaste som alltid har vore der for meg. På tunge dagar får du meg alltid til å smila igjen. Du støttar meg, sjølv om du ikkje kan snakka. Og du er der. Alltid. Var der. Det er fæle ord å skriva. Min aller beste venn gjennom 6,5 år har forlatt denne verda. No vandrar han vidare på dei eviggrøne enger.

French Crown har brent seg inn i hjarta mitt. Eg angrar allereie på at eg lot deg gå. Du vart aldri heilt i orden, og sprøyting om att og om att ville til slutt gjort alt vondt endå verre. Eg veit at du slepp smertene der du er no, men mine smerter er desto verre. For eg veit ikkje om eg gjorde alt. Eg prøvde å få deg frisk i to år, og du var betre i periodar. Men dei gode periodane vart kortare og kortare. Eg vil alltid bli plaga med tanken om at kanskje det er noko der ute som eg ikkje har prøvd. Kanskje var det faktisk noko som kunne hjelpt deg til å bli frisk? Korleis skal ein sleppa taket på sin beste venn, når det er ein sjølv som må ta avgjersla.

Eg vil ikkje vera vaksen. Eg ville ikkje velja. Men innerst inne visste eg nok at det var over. Eg visste at du sannsynlegvis ville bli plaga med smerter igjen og igjen. Men aller helst ville eg hatt deg. Eg ville hatt den mjuke, perfekt tempererte mulen din som møter meg når eg kjem i stallen. Augo dine som alltid kan lesa korleis eg har det. Øyrene dine som merksamt lyttar til alt eg har å seia, sjølv om eg ikkje ordlegg meg høgt. Du var der alltid for meg. Uansett.

No er du borte. For alltid. Tårene mine trillar ustoppeleg. Hjarta mitt vrir seg i smerte. Kroppen vil ikkje fungera. Alt handlar om deg. Om korleis du var, og det eg aldri kjem til å få oppleva igjen. Våre vegar har skilt lag. Du trakkar avgarde, forhåpentlegvis i ein ny, frisk kropp. Himmelen har fått si vakraste stjerne.

Du vil absoultt alltid vera i hjarta mitt. Min aller beste Crown. Ingen kan erstatta deg. Ingen. Aldri vil eg møta ein sånn hest igjen. Du er spesiell for meg. Ein dag, når eg forlet denne verda, skal me møtast igjen. Då skal me vera saman for alltid. Du og eg. Eg og du. Kvil i fred, min elskede Crown.












Kommentarer

Populære innlegg