Charlot i montéprøveløp

På torsdag skal eg ut å ri igjen. Det skal bli godt med eit prøveløp i kroppen så eg ikkje mistar heile montéformen før eg kjem i løp igjen. Denne gongen skal eg til Bergen for å prøva å godkjenna Vertigo Charlot til monté. Ho har gått to prøveløp med Victoria på ryggen utan å klara det. Det fyrste prøveløpet gjekk ho 29,0 og i det andre var ho diska.  Ho har gått eit montéløp på ei lokalkøyring, men eg veit ikkje korleis det gjekk eller kor fort ho gjekk då. Eg får gjera så godt eg kan, prøva å ri både feilfritt og fort nok.

Startliste:
Løp: 21  #Monté #Prøveløp  (ca. kl. 17:15)
Monté Prøveløp
Alle.
2100 m. Monté Voltestart.
ALLE      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Vertigo Charlot Charlotte Steine 60.500 1.18,3v 1.16,7a
2140 2 Vertigo Bjørn Victoria Steine 366.000 1.28,0v 1.26,8a

Dette biletet er av oss frå varminga før eit av mønstringsløpa ho gjekk:

Kommentarer

Populære innlegg