Årets fyrste rekruttløp

På tysdag vert Rekruttserien 2013 sparka i gang på Forus. Eg skal køyra den billedskjønne Alezan Labrousse. Han har eg køyrd ein gong før, då var det eit dameløp og me stod i spor sju bak bilen. Løpsopplegget løyste seg godt då og me fekk premie. Alan er ein hissig type som kan bli stri i varminga, så eg må prøva å finna meg ein rygg for å spara mest mogeleg krutt til løpet. Han har hatt lang pause, men har fått eit løp i kroppen etter det. Då hang han okei med og fekk premie. Eg er nøgd med at me fekk fyrstespor, for då seier løpsopplegget seg sjølv. Me får prøva å få ein fin rygg undervegs og eg håpar me klarar henga med til ein premie.

Motstanden:
2. Maksi Lane: Er ein jamn premieplukkar som sannsynlegvis plukkar med seg ein premie igjen.
3. Puskas Blue: Gjorde nokre fine løp i regi Pål Buer, men har tulla litt med galopp. Lars Kristian Løkken har kjøpt hesten og kjenner han frå trening. Han enda uplassert i debuten i hans regi, så det er kanskje premie som er fyrste målet.
4. Bella Rose: Er ei flink og formsterk hoppe. Om dei to i spora ytterst bak bilen rotar seg bort står ho nok klar til å overta. Trippelhest.
5. Miss Joeleen K.B.: Sjokkvann i sin nest siste start, men galopperte i sitt siste løp. Kjempar om ein premie.
6. Grandslam Volo: Har ikkje starta sidan han vart diska for galopp i mai i fjor. Gjekk prøveløp på 20,3 og såg fin ut då. Kusken kjenner hesten frå trening, men etter lang pause må ein kanskje venta at hesten treng løp i kroppen for å vera på topp.
7. Herecomesthesun: Ein kapabel hest som har vist fine fartsressursar og gått gode løp, men er litt utrygg. I feilfri utgåve er han sannsynlegvis å finna på trippelen.
8. Invictus: Har levert sterke prestasjonar den siste tida. Han er startrask og kan vera tidleg i tet. Sannsynlegvis vinnaren.




Startliste:
Løp: 7  Rekruttserien 2013  (ca. kl. 20:20)
Varmblods. 3-12-årige høyest 75.000 kr. samt 3-12-årige norskfødte høyest 90.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-3.000-(3.000) kr.
Varmblods      Auto V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Alezan Labrousse Charlotte Steine 63.613 1.18,7v 1.15,2a
2040 2 Maksi Lane Stian Øksnevad 43.000 1.19,1v 1.18,1a
2040 3 Puskas Blue Lars Kristian Løkken 62.911 1.17,3v 1.16,0a
2040 4 Bella Rose Henning N. Horpestad 82.000 1.18,8v 1.17,3a
2040 5 Miss Joeleen K.B. Camilla Sund 79.000 1.17,0v 1.16,0a
2040 6 Grandslam Volo Mats Gunnar Ringberg 56.000 1.17,7v 1.13,8a
2040 7 Herecomesthesun Magnus Teien Gundersen 37.000 1.18,3v 1.17,0a
2040 8 Invictus Jeppe Rask 64.983 1.18,2v 1.15,6a

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss sist eg køyrde han:

Kommentarer

Populære innlegg