Skuffande Easterboy

Eg var ute med Easterboy K.K. i eit montéløp på Forus 13. mars. I varminga kjentes han utruleg fin ut og han spant rundt svingen i eit herleg trav. Det same gjorde han i prøvestarten. Då vart han hissig og tok avgarde mellom hestar. Då starten gjekk løyste han fyrst fint, så slengte han seg over i galopp. Eg fekk han raskt nedpå att, men han galopperte på nytt. Dermed tapte me mykje fart og eg måtte leggja meg inn i fjerde innvendig. Han følgde godt med og kjentes skikkelig fin ut der han låg klistra i rygg. Eg ville kome meg ut frå fyrstespor, men hadde ikkje opning. Siste 600 meterane var det ikkje same trøkket i han. Og ut av siste svingen vart han litt slakkare. Det enda med at Emil Wibb som galopperte tok oss igjen slik at me enda uplassert på tida 1.20,0. Etter den vellukka varminga var dette ein skuffande innsats. Han har vore så fin i trening at me hadde forventa meir av han.

Nokre dagar etter løpet ringte eigaren meg og spurde om eg ville ha hesten. Eg skulle få han gratis om eg ville prøva å få han til fordi han sjølv ville konsentrera seg om dei andre hestane han har. No har eg allereie ein hest eg betalar for i tillegg til at eg ventar på føl etter Thai Lady, dermed har eg ikkje råd til fleire. Dersom du veit om nokon som har lyst på ein kjekk og positiv hest gratis, så ta kontakt på c.steine@hotmail.com. Eigaren vil heller gje han vekk enn å avliva han.

Nokre bilete tekne av Rune Eikeland:



Kommentarer

Populære innlegg