6. plass på Sylv Spika

Eg rei Sylv Spika i eit løp på Forus på tysdag. Eigaren sa ho kunne galoppera på startsida, så eg tok det rolig frå start. Eg trefte perfekt i fyrste forsøket, men det vart omstart så eg fekk ein litt dårlegare start i det gyldige forsøket. Me hadde førstespor på vårt tillegg og vart dermed liggjande i fyrstespor. Ved seremoniplass tok ho verkeleg taket i det og trava i 1.24-fart i første svingen, og fekk bråstopp då me kom opp i ryggen til Kjølstad Jo To. Ho var hissig så eg hadde lyst å ri ut i andrespor, men då kom konkurrentane bakfrå slik at eg ikkje fekk nok plass til å koma ut.

Nedover fyrste langsida rei eg i 1.25-tempo på klokka mi. Me kom oss ikkje ut i andrespor før i nest siste svingen. Nedover siste bortre langsida trøbla ho med travet. Ho verka trøytt og sleit meir og meir, så midt på langsida kom galoppen. Dermed måtte eg ta ho heilt ned i tempo før eg kunne ri igjen. Eg drog ned skylappane på ho og det hjelpte, så ho leverte eit fint oppløp. Det haldt ikkje til å bli betre enn 6. plass på tida 1.31,2, men premie i debuten på ein hest som nesten ikkje er ridetrent må vera bra. Ho hadde nok kanskje hatt fordel av litt meir testing under sal før løpet, og eg trur ho kan verta ein fin montéhest med litt trening. Eigaren lovde å prøva ho i monté igjen, så då får ho i alle fall ein ny sjanse.

To bilete av Sylv Spika, foto: Rune Eikeland:



Kommentarer

Populære innlegg