Pay Back gjekk 19,1 i prøveløp

Pay Back Money er no klar for start i montéløp. Han gjekk prøveløp saman med Overlover og O'beron. Eg skulle liggja i rygg i prøveløpet og merka raskt at dei to andre var interessert i å koma til tet, så eg tok opp direkte. Farten fyrste 500 meterane varierte frå 1.19 til 1.26, men passeringstida var på om lag 1.22. Då gjekk O'beron fram i tet og auka tempoet til 1.19 første 1000. Han haldt fram å auka resten av løpet og, så eg haldt meg bak Overlover til siste langsida. Ned siste langsida gjekk det veldig fort, men i siste svingen falt han litt innover slik at me mista ein del fart og eg måtte retta han opp for å ikkje ri på hesten på innsida. Han la av farten like før mål, men eg ville ikkje masa på han sidan det hadde gått i veldig variabel fart heile prøveløpet. Meininga var ikkje å ri så fort, men då dei andre hestane haldt det tempoet ville han vera med. Til slutt kom han i mål på 1.19,1 og det synest eg er veldig bra til å vera fyrste hurtigarbeid under sal. Eg gler meg til den dagen eg får ri han i løp.

Her er nokre bilete Rune Eikeland tok av oss:



Kommentarer

Populære innlegg