Easterboy K.K. i løp på Forus

I tillegg til prøveløpet eg skal ri på Pay Back Money i morgon skal eg ri Easterboy K.K. i eitt montéløp. Det er eit volteløp over 2040 meter. Denne gongen står han på strek, noko som er ein fordel sidan me no står likt med Emil Wibb i staden for at me må henta tillegg på han. Etter han starta monté sist har han vore ute i eitt sulkyløp som ikkje gjekk så bra. Dermed valgte eigaren å venta på dette montéløpet. Eg har ridd to hurtigarbeid på han sidan sist og han  har vist framgang for kvar gong. Siste gongen eg rei han var han veldig fin i travet og gjekk i tømmane heile vegen. Eigaren ringte meg på lørdag etter han hadde køyrt det siste hurtigarbeidet med Easterboy. Han var veldig nøgd med hurtigarbeidet, så då får me håpa han har gått fram sidan forrige løp og kanskje klarar å vera med å kjempa om den siste trippelplassen, eller i det minste om ein fin premie.

Motstanden:
1. Earlina: Montédebutant. Gjekk prøveløp saman med Easterboy K.K. og gjekk 1.20,9 då. Eg vart ikkje veldig imponert over ho i prøveløpet, og eg trur ho må vera forbetra for å kjempa i toppen her.
3. Emil Wibb: Har gjort alt riktig i sine to fyrste montéstartar. Kristine var skeptisk til sporet og frykta galopp, men eg synest han har sett stabil ut i dei to fyrste startane og reknar med han er vinnaren.
4. Zenitzia: Gjekk godt på ei lokalkøyring og fulgte opp med ein fin 3. plass på 1.17,8 i debutløpet sitt under sal. Ho kan nok kjempa om ein ny trippelplassering i dette selskapet.
5. Tibs Battle: Står litt dumt til då han vippa over på 20 meter tillegg med 700 kroner. Har ikkje starta monté sidan 20. mars i fjor, så kanskje lysta er tilbake når han kjem ut under sal igjen? Han har ikkje vist det store før, og må vera forbetra for å få premie her.
6. Chambermaid: Gjekk prøveløp på 1.21,8 og har starta fire montéløp etter det. Tre av løpa har enda med distansert, brutt og diska for galopp. I det siste montéløpet enda ho uplassert på 1.22,4 med galopp. Ho er opp og ned i prestasjonane i travløp og må nok visa betre i monté om ho skal vera med framme her. Det meste Malin rir for tida er i toppen, så ho skal nok uansett ikkje avskrivast heilt.
7. Yankee Splinter: Debuterer under sal. Også han gjekk prøveløp då Easterboy vart godkjent og imponerte meg då. Han gjekk 1.18,9 og gjekk godt til mål for Lise. Eg trur kanskje han kan vera med å gje Emil Wibb kamp til slutt om han har kontakt til slutt.
8. Callistoga: Gjekk prøveløp på 1.20,4 og debuterer under sal her. Har ikkje vist det store i sulkyløp i det siste, men kanskje moralen er betre i monté? Kjemper nok i fyrste omgang om ein premie i debutløpet.
9. Sophie's Royal Ride: Strøket.

Løp: 10  Montéløp   (ca. kl. 21:10)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 350.000 kr.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 140.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Earlina Linda Bø 100.277 1.16,9v 1.15,4a
2040 2 Easterboy K.K. Charlotte Steine 139.750 1.17,9v 1.16,8a
2040 3 Emil Wibb Kristine Kvasnes 37.500 1.17,2v 1.19,1a
2040 4 Zenitzia Anette Selliken 65.000 1.17,5v 1.16,7a
2060 5 Tibs Battle Ronja Good Djøseland 140.700 1.16,5v 1.14,5a
2060 6 Chambermaid Malin Berås 196.500 1.17,3v 1.15,4a
2060 7 Yankee Splinter Lise Hjetland 244.939 1.17,2v 1.12,0a
2060 8 Callistoga Siw Helen Bø 174.245 1.17,4v 1.13,6a
2060 9 Sophie's Royal Ride Gunn Elisabeth Vigane 164.000 1.17,6v 1.16,6a



Kommentarer

Populære innlegg