Siger med Drav Svint

Eg fekk endeleg ri mitt fyrste løp på ein annan bane enn Bergen. Det sat langt inne, og tok nesten fire år etter eg fekk lisensen. Stian lot meg få sjansen på Drav Svint, som Marie Øvestad har ridd tidlegare. I varminga vart eg veldig usikker, for han kjentes veldig rullete i gangen og fungerte ikkje slik han burde.

På startsida sat eg på nåler, og haldt alt eg kunne. Han var nære ved å galoppera, men heldigvis tok han mot hjelp. Eg rei rett fram for ikkje å korrigera han, slik at han feila. Då han la seg til la me oss roleg i eit slags andre utvendig. Det vart omgjort til dødens då Heger Best galopperte. Me hadde langt fram til Rigelstein, som starta på strek, då 500-meterspasseringa gjekk etter 1.34,1. Eg gjekk ned på innersporet, og var i fjerde innvendig. I andre svingen gjekk eg ut i andrespor, og fekk tilbaketrekt dødens. Første 1000 meterane vart passert etter 1.30,6, med Augne Troll i tet. Drav Svint hadde då kjempa seg opp på sida av han, og me la litt press på heile siste runden. Det gjekk etter kvart fortare, og Drav Svint kjentes veldig sterk ut. Eg var likevel litt skeptisk sidan Monica hadde både skylappar og hette igjen å dra inn på oppløpet. Ho fekk ingen respons, og Drav Svint gjekk heilt til mål. Han kopla grepet midt på oppløpet og gjekk heilt inn, til ein velsmakande siger både for meg og eigarane.

Løp: 1 Målfoto
Start: 19. 10. 2010 kl. 18:00 Bane: Forus Travbane Løpnavn: Montéløp
Premiesum: 29000 Distanse: 2040 Baneverdi: Startmetode: Volte
Plassering Startnr Hestens navn Dist Saml tid KM tid Premie kr Initialer Kusk Evt odds
1 3 Drav Svint 2060 3:03,1 28,9 12000
Charlotte Steine 126


Far: Spikeld
Mor: Drav Bonny
Eier: Stian Svendsen (RANDABERG), Roald Amdalsrød (STAVANGER)

Oppdretter: Torbjørn Kristensen
2 2 Augne Troll 2060 3:03,2 28,9 6000 TE Monica Refsland *32
3 7 Rigel Elden 2080 3:03,9 28,4 4000
Marie Øvestad 200
4 4 Havtroll 2060 3:04,1 29,4 3000
Madelen Berås 172
5 6 Tøffe Toft 2060 3:08,4 31,5 2000
Kine Vikse 101
6 10 Høgda Svarten 2080 3:08,9 30,8 2000 J Lene Vatland 319
Brutt løp 9 Taletta 2080
br g

Gunn Elisabeth Vigane 36
Disk. galopp 1 Rigelstein 2040 DG dg

Brit Lea 394
Disk. galopp 5 Heger Best 2060 DG dg
GG Anne-Marie Mattingsdal 268
Disk. galopp 8 Druasel 2080 DG dg

Kari Anne Knutsen 34

Vunnet: 1/4 Lengde
Odds: V: 12,62 P: 6,69-2,49-4,07 D: 91,69 T: 1967
Omsetning: V: 15774 P: 4809 D: 13447 T: 33719
Total omsetning: 67749

Kommentarer

Populære innlegg