Prøveløp med One Way Hall

I morgon skal eg ut å ri prøveløp på Forus igjen. Denne gongen er det One Way Hall eg skal prøva å godkjenna. Stian og Roald kjøpte ho for nokre månadar sidan. Ho ser veldig fin ut i trening, men har ingen volterekord, så det kan henda ho er vanskeleg å få frå start på volte. Me har ikkje testa ho på volte, og eg har heller ikkje ridd ho i banen. Det vert spennande å sjå korleis ho fungerer, så satsar eg på at det vert godkjent og at eg klarer å få ho frå start.

Kommentarer

Populære innlegg