BKKs Montésprint med Park Angel

På lørdag arrangerer me BKKs Montésprint på Bergen Travpark. Det er eit løp sponsa av BKK, som skal vidareutviklast til eit storløp for varmblodshestar i åpen klasse. Planen er at det skal få fast plass i løpsoppstillinga til festival-rikstotoen i Bergen. Dette året er løpet stengt på 450.000 kroner, og det var skrive ut slik at hesten med lågast grunnlag står i det innerste sporet. Løpet går over 1600 meter med autostart.

Eg skal ut å ri Park Angel att. Ho fungerte kjempeflott for meg sist ho starta montéløp. Sjølv om ho drog veldig utover, gjekk ho godt og avslutta fint til tredje. Løpet før det fungerte ho ikkje, og enda utan premie. Etter eg rei ho sist har ho starta nokre travløp, og gjort det godt. Ho har fått ein 2. plass, ein 4. og ein 6. i dei tre siste startane. I sin siste start var ho ein tidel frå å gå rekorden sin, så det ser ut som om formen framleis er bra. Ho står hardt inne i løpet grunnlagsmessig, ho er den med lågast grunnlag, men fekk dermed førstespor. I tillegg er det gode hestar med. Montékongen Kings Centaurus er nok eit klart vinnartips her, saman med Kari Anne Knutsen. Lantern har vore svært god i monté, og dersom formen er like god kan han ta opp kampen. Moreno gjekk prøveløp på 19,7 og er ein spennande debutant. Også Naomi Dryad debuterer her. Elling's Arnie, K.L.M. Kildroy og Limerick går gode montéløp, så det vert eit spennande løp. Harry Trotter S.E. som eg har godkjent i monté, går stadig fine løp og har flott form. Me får gjera så godt me kan, og håpa at ho gjer nok eit fint løp.

Starliste:
Løp: 1 Montéløp (ca. kl. 13:50)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige høyest 450.000 kr., åpent for alle montelisenser.
1600 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Park Angel Charlotte Steine 181.500 1.17,1v 1.14,8a
1600 2 Aramis T.K. Line Gundersen 197.750 1.15,8v 1.15,1a
1600 3 Naomi Dryad Charlotte Matre 203.700 1.16,4v 1.15,1a
1600 4 Harry Trotter S.E. Stine-Beate Hjartholm 269.919 1.17,1v 1.14,5a
1600 5 K.L.M. Kilroy Caroline L.B. Morken 281.000 1.16,9v 1.14,6a
1600 6 Limerick Tone Turnbull 293.086 1.15,6v 1.13,6a
1600 7 Elling's Arnie Sarah Kjelme 298.000 1.18,2v 1.14,3a
1600 8 Lantern Brit Lea 321.100 1.15,8v 1.13,4a
1600 9 Moreno Marie Øvestad 331.884 1.15,8v 1.14,0a
1600 10 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 443.393 1.15,7v 1.14,8a

Kommentarer

Populære innlegg