6. plass med Park Angel

I går rei eg Park Angel i BKKs Montésprint. Ho gjekk veldig godt frå start, og kom fram i ledarryggen på Limerick. Elling's Arnie gjekk ned framføre oss i den fyrste svingen, så me kom i tredje innvendig. Første 500 meterane vart åpna på 1.10! Første 1000 gjekk etter 1.13,5, så det var fart over forestillinga heile vegen. Park Angel fulgte godt med heile vegen, men ho stumma litt på oppløpet, og det synest eg ho hadde lov til. Ho fungerte veldig fint, og fekk 6. plass på 1.16,3. Tone Turnbull vann med Limerick, som tok sin fyrste montésiger. Dei fekk med seg sigersdekken og fire pokalar. Vinnartida vart 1.14,6, så det vart ikkje utbetalt bonus.

Kommentarer

Populære innlegg