Rei Spika i Bergen på torsdag

På torsdag skal eg på ny ut å ri. Det er veldig artig å få ri fleire løp no, det er god trening. Eg skal ri Rei Spika igjen. Denne gongen ser det ut til å verta eit hardt løp. Me må henta 60 meter tillegg på Samina Ø.K. Ho drog avgarde i 1.28-1.27-tempo i Rappfots Æresløp, så utan galopp er ho ein farleg vinnarkandidat. Tempoet vert nok høgt om Samina Ø.K. travar frå start. Me skal henta 40 meter på Lustra Molly, og 40 meter på Gil Rau Jo og Rigel Tessa. Bak oss jaktar Taletta, Nøkle Pål og Gilborken. Taletta får no Hanne Borgli på ryggen, og det treng ikkje vera negativt.

Sidan det berre er 1600 meter vert det vanskeleg å henta så mykje, men me må prøva å treffa godt og ha god fart frå start, så er det mogeleg å henta litt der. Spika har fordel av sprint, men viste seg ikkje i toppslag i eit travløp i Bergen i går. Denne gongen er det vel i utgangspunktet ein premiesjanse me må sikta på.

Løp: 9 Montéløp (ca. kl. 20:50)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
1600 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 60.000 kr., 40 m ved 120.000 kr., 60 m ved 270.000 kr., 80 m ved 450.000 kr., 100 m ved 700.000 kr., 120 m ved 1.000.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Gileld Tine Moldestad 46.350 1.33,7v 1.33,5a
1600 2 Dala Jento Victoria Steine 57.500 1.32,1v 1.32,5a
1600 3 Samina Ø.K. Ronja Good Djøseland 48.500 1.32,6v
1620 4 Lustra Molly Charlotte Matre 100.000 1.28,6v 1.30,6a
1640 5 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 251.700 1.29,2v 1.28,2a
1640 6 Rigel Tessa Lene Bjånes Indrevær 234.425 1.28,3v 1.27,4a
1660 7 Søndre Prinsen Sonja Kløften 399.050 1.26,0v 1.24,4a
1660 8 Rei Spika Charlotte Steine 346.834 1.27,2v 1.26,8a
1680 9 Taletta Hanne Borgli 523.500 1.26,4v 1.24,4a
1680 10 Nøkle Pål Renate Aarlie 505.700 1.26,3v 1.25,8a
1680 11 Gilborken Iselin Teigen 566.500 1.25,5v 1.24,4a

Kommentarer

Populære innlegg