Prøveløp med Tempranella

På torsdag skal eg ut å ri prøveløp. Eg skal prøva å godkjenna Tempranella. Ho er ei lita 6 år gammal hoppe etter Gislum. Etter Vidar og Eivind Bryn kjøpte hesten har ho vore kjempeflink. På seks startar har ho ikkje enda utan premie, og ho har vunne to løp. Før ho kom til dei sto ho utan siger, så dei har vore kjempeflinke med ho. Eg har ikkje fått testa ho, men eg håper at me skal greia kravet likevel.

I helga har eg vore i Oslo og sett to flotte montéløp. King Of My Heart tok ein flott siger på laurdag. Eg vart og imponert over Kings Centaurus som galopperte etter ein trang situasjon i første sving og kom sterkt tilbake til 5. plass etterpå. Søndagsløpet gjekk til imponerande Prince De Montfort. Han spant forbi konkurrentane på siste bortre og var overlegen. Ein fantastisk flott hest å sjå til. Det er nok eit kjempekick å sitja på han ned siste bortre langsida. Eg fekk tatt mange bilete av rytterane, så no kan eg studera sitsane. Ellers var det svært gledeleg at Caroline fekk 5. plass med Balder Exclusive. Artig at han går feilfritt på ein slik dag, og viser at han er ein flink montéhest.

Kommentarer

Populære innlegg