Keep On Turning strøket - elendig opplegg

På lørdag skulle eg ha ridd Keep On Turning i finalen av Norsk Travamatørforenings Montécup, men slik skulle det ikkje gå. Eg gjorde som normalt og gjekk saman med Elsie for å vega meg før varminga. Då eg var nesten framme ved vekta ropte nokre andre bergensarar på meg, så eg gjekk bort til dei. Dei hadde triste nyhende, Keep On Turning var strøket. Det hadde dei sett på tekst-tv. Eg visste ingenting, så me gjekk bort i vekta for å sjekka. Riktig nok var han strøket. Det er i seg sjølv greitt nok. Problemet her er at eg ikkje hadde fått beskjed. Når det kjem ein rytter frå Bergen til Jarlsberg kun for å ri eitt løp, og hesten vert strøken, reknar ein verkeleg med at ein får beskjed om det.

Trenaren skal ikkje få skulda for at eg ikkje har fått beskjed. Han har gjort som han skulle, og sagt det til travbanen, men administrasjonen på travbanen har verkeleg svikta! Det er veldig uprofesjonelt å ikkje kunna informera rytteren om det når dei veit at eg skulle ta turen kun for å ri denne hesten. Tenk om eg for eksempel skulle flydd frå Bergen lørdagsmorgon, då kunne dei faktisk ha hindra meg i å reisa dersom eg hadde fått beskjed når hesten var strøket. Det er useriøst at ingen tenkjer på dette. Når det er ein cup med rytterar som kjem langvegsfrå for eit løp, bør ein verkeleg bringa så viktig informasjon vidare. Om eg hadde visst det før eg stilte opp på travbanen i løpsutstyr, hadde kanskje ikkje skuffelsen blitt så stor. Det var veldig bittert at dette hende no når eg endeleg skulle få sjansen til å ri på ein annan bane enn i Bergen. Eg håper verkeleg at dette berre var eit eingongstilfelle! Dersom dette er praksisen rundt på norske travbanar bør dei skamma seg. Skal dei fortsetta å ikkje gje beskjed, bør dei kanskje betala ein lokal hest eller to for å vera reservehest, og steppa inn dersom ein hest vert stryken.

Det gledelege var at Caroline Morken, som óg er Bergensrytter, vann løpet saman med stallhesten Company Ås. Det var ein veldig fortjent og artig siger. Ho klarte å vidareføra sin flotte Jarlsbergstatistikk. For Lene gjekk det ikkje like godt, men ho fekk i alle fall delta.

Kommentarer

Populære innlegg