Keep On Turning i finaleløpet

På lørdag er det finale i Norsk Travamatørforenings Montécup. Me er tre kvalifiserte rytterar frå Bergen. Eg trakk Keep On Turning i finalen og 10. spor. Eg har hatt mange dårlege spor i det siste, så det var vel ikkje særleg overraskande.

Keep On Turning har nesten berre starta monté sidan han vart godkjent i juni i fjor. Ut i frå resultatlista ser han ut til å vera ein travsikker herre. Han har som raskast gått 1.17,6 i monté over sprint. På lørdag skal me ri 2100 meter og der har han trava 1.17,9, og det gjorde han i sin siste start. I år har han tatt to sigrar og tre premiar på åtte forsøk. Eg ser veldig fram til å ri han. Det er spennande og lærerikt å ri nye hestar.

Dette vert fyrste løpet eg rir på ein annan bane, og det ser eg fram til. Det vert kjekt å sjå korleis ein gjer ting på andre banar. Caroline L.B. Morken og Lene Bjånes Indrevær er og kvalifiserte frå Bergen. Caroline tar med Company Ås, som dei sjølve eig. Lene har vore heldig i trekninga og skal ri flinke Make The Best. Alle tre har vore uheldige i sportrekninga. Caroline startar i åttandespor, Lene i niande og eg står ytterst på vingen i tiandespor. Me får håpa me får ein fin tur og at alle hentar seg ein premie.

Startliste:

Løp: 2 Montéløp (ca. kl. 14:20)
Montéløp Varmblods. 4-12-årige høyest 250.000 kr., åpent for alle montelisenser.2100 m. Monté. Autostart. Maks 10 startende.Premier: 20.000-10.000-7.000-5.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods Auto V5-1 Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 The Breadwinner Hanne Borgli 239.400 1.18,3v 1.16,3a
2100 2 Bjørn Sign Marie Tovengen 244.000 1.16,7v 1.16,1a
2100 3 Chuckle Of Joy Cecilie Kolstad 156.250 1.18,5v 1.15,4a
2100 4 Matchbar Elsie Hafskjold 228.200 1.18,6v 1.15,7a
2100 5 Ågårds Oscar Siv Emilie Løvvold 204.682 1.17,0v 1.15,2a
2100 6 Magic Prince Line Gundersen 111.000 1.18,5v 1.15,8a
2100 7 Elken Dijon Elisabeth Jensen 131.600 1.17,7v 1.15,9a
2100 8 Company Ås Caroline L.B. Morken 209.479 1.16,1v 1.13,5a
2100 9 Make The Best Lene Bjånes Indrevær 185.700 1.17,1v 1.15,9a
2100 10 Keep On Turning Charlotte Steine 188.951 1.17,6v 1.15,5a

Kommentarer

Populære innlegg