4. plass og finalebillett

Nessaja var ein kjempeflott hest å få ri! Det er den mest regulerbare hesten eg nokon gong har ridd. Eg satte meg opp og ho gjorde akkurat som ho fekk beskjed om, veldig artig. Elsie var ei veldig triveleg dame. Då eg kom var ho allereie ferdig å sela på Matchbar, så eg måtte opp å vega meg. Me vart litt forseinka på grunn av mykje uventa kø, men eg fekk tid til å vega meg før varminga. Både Elsie og Eskil hjelpte til å sala på Nessaja, så me kom oss ut i rimelig tid. Denne gongen varma eg saman med Elsie heile vegen, og det er fyrste gongen eg har klart å ri ein heil varming saman med nokon andre. Eg kunne regulera Nessaja ut frå tempoet til Matchbar, så det var veldig behageleg. Denne gongen rei eg heile varminga ståande, vanlegvis pleier eg å ri ein del av varminga lett. Nessaja fungerte veldig fint i varminga. Me tok ein prøvestart, men då vart svingen for krapp og ho galopperte. Så me prøvde ein gong til og då gjekk det mykje betre. Ho svara veldig godt på hest.

I løpet fekk me ein grei start frå åttandespor. Startsida gjekk me i tredje-fjerde spor, og då Super Victor galopperte la eg Nessaja ned bak Takeover Ås i andresporet. På fyrste langsida gjekk Elsie ut framføre oss med Matchbar, så me låg i tredje utvendig. I andre svingen gjekk eg ned på innersporet, bak Magic Star D.K. Nessaja låg fint til, og fungerte veldig fint. Eg drog hetta og proppane i nest siste svingen og skylappane på siste bortre. I den siste svingen kom ho flott fram innvendig, og jobba seg opp mot ledarrygg, men ho vart veldig trøytt og stoppa på oppløpet. Dei siste metrane gjekk det veldig sakte. Likevel berga me 4. plassen. Traffic Light galopperte på oppløpet og vart diskvalifisert. Elsie fekk ein velfortjent siger med Matchbar og ho fekk finaleplass. Eg fekk finaleplass som andre NTAF-medlem i mål. Dei to siste plassane til finalen vart trekt mellom dei tre siste NTAF-medlemmene i løpet og gjekk til Caroline L.B. Morken og Lene Bjånes Indrevær. Så det er veldig hyggjeleg at me er tre Bergensrytterar som får prøva oss i finalen på Jarlsberg 22. mai. Det ser eg fram til.

Nessaja var blitt sjekka av veterinæren i dag, og dei fann ut at ho var heilt tett i halsen. Så det gjer innsatsen hennar til meir enn godkjent. Eg er veldig takknemleg for at eg fekk sjansen til å prøva å ri ho. Det var eit svært hyggjeleg bekjentskap. Ein flott montéhest!

Kommentarer

Populære innlegg