Løp med Rei Spika

På torsdag skal eg ut å konkurrera med Rei Spika att. Eit montéløp i Bergen, sponsa av Team Knapskaug. Denne gongen var det ei tragisk startliste. Etter alt det arbeidet me har lagt i montésporten i Bergen, er det ufatteleg trist å sjå at ingen vil melda. Berre sju hestar var melde, og berre seks av dei starterklærte. Eg er redd dette vert eit veldig lite spennande løp, der Nøkle Pål som har vore god i monté lenge avgjer tidleg. Om Espe Viktor er tilbake i slag kjempar han i toppen. Rei Spika har ingen fordel av at det er mellomdistanse, så ho må vera tilbake i slag om ho skal hevda seg her. Me får prøva å ri feilfritt og gjera så godt me kan, så får me sjå kor lenge det held.

Starlista:
Løp: 10 Montéløp (ca. kl. 21:07)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige , åpent for alle montelisenser.
2100 m. Monté. Tillegg 20 m ved vunnet 85.000 kr., 40 m ved 150.000 kr., 60 m ved 350.000 kr., 80 m ved 600.000 kr., 100 m ved 1.200.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Gileld Anette Teigen 43.850 1.33,7v 1.33,5a
2100 2 Dag Jørn Victoria Steine 73.900 1.33,2v 1.34,1a
2140 3 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 239.700 1.29,2v 1.28,2a
2140 4 Rei Spika Charlotte Steine 323.834 1.27,2v 1.26,8a
2160 5 Nøkle Pål Renate Aarlie 476.700 1.27,3v 1.26,3a
2180 6 Espe Viktor Linda Elisabeth Larsen 743.800 1.24,9v 1.25,5a

Kommentarer

Populære innlegg