Quillity's Desperado debuterer i Bergen

På søndag skal eg faktisk tilbake til Bergen for å ri løp. Der har eg ikkje ridd sidan mai i år, så det skal bli artig å koma opp igjen der. Denne gongen skal eg ri Quillity's Desperado. Eg godkjente han til monté i september. Han er litt vanskelig å få rundt i volten, og er ikkje enkel å få fart på rette vegen. I prøveløpet verka det som han var litt redd sprut, så han kjem nok ut med sprutmaske denne gongen i håp om at det skal gjera lysten hans litt betre.

Han har ikkje gått så mange løp i år, og har ikkje fått premie sidan august i fjor. Så det er ingenting som talar til vår fordel denne gongen. Men når nokon vil eg skal ri, så må eg sjølvsagt stilla opp. Det er alltid kjekt å få ri løp, så då får me gjera det beste ut av det. Om me kjem frå start utan å tapa for mykje, så håper eg me kan skaffa ein premie til eigaren.

Motstanden:
1. M.T. Funky Dude: Fekk 3. plass i sin montédebut. Har hatt fin form lenge, og kan kanskje kjempa om ein ny trippelplassering.
3. Nopeacelikeheaven: Imponerte meg i sitt siste montéløp i mai, men då var det autostart. Hadde nok kanskje hatt fordel av autostart, men om ho leverer med same kvalitet som sist montéløp kan ho kjempa om trippelplass igjen.
4. Pay Back Money: Har eg ridd i alle montéløpa han har starta. No er han solgt, og får ny rytter på ryggen. Eg kjenner det skal bli veldig trist og rart å ri mot han, men eg gler meg til å helsa på han igjen. Pay Back er ein spesiell herremann, og er nesten umogeleg å få rundt i volten. Frå spor 4 tvilar eg på at han kjem feilfritt frå start, men om han skulle gjera det er kapasiteten stor nok til å vera med langt framme.
5. Best Of Boszorg: Montédebutant som gjekk prøveløp på 19,6. Vanskeleg å vurdera.
6. Winning Colors: Har ikkje fått premie sidan mai, men er god på sitt beste. Er nok ein premiekandidat her.
7. Fast Brown Talk: Har gått fine løp og kjempa langt framme dei gongane han har gått feilfritt under sal. Og det er han god nok til å gjera igjen. Kan sitja langt framme med ein gong frå springspor.
8. Oddset Hæstak: Var litt lat i sitt montéprøveløp, men er nok meir skjerpa saman med andre hestar. Vanskeleg å vurdera i sin montédebut.
9. Deep Sea Dream: Gjekk veldig godt til slutt i sitt siste montéløp. Må vel kanskje gå litt meir til å byrja med her, men om han følgjer same montéutvikling som broren Lumiere De Nuit, så skal han vinna igjen.
10. Delphis Jag: Vann sin montédebut på Sørlandet i april. Har ikkje starta monté etter det. Han har fått tre løp i kroppen etter pause, og er nok begynt å koma tilbake i løpsform. Har fordel av å ha beste volterytteren, så tjener mange meter på det. Kjemper i toppen igjen.
11. Gidde R. Icke: Jaktar nok på eit feilfritt løp og premie frå 40 meter tillegg.

Startliste:
Løp: 8  HHD Bygg og Betong-løpet  (ca. kl. 20:03)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige.
2100 m. Monté Tillegg 20 m. ved vunnet 225.000 kr., 40 m. ved 475.000 kr.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V4-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 M.T. Funky Dude Cecilie Jensen 189.756 1.16,5v 1.14,6a
2100 2 Quillity's Desperado Charlotte Steine 199.100 1.15,2v 1.13,8a
2100 3 Nopeacelikeheaven Elisabeth Hansen Haukeland 207.901 1.16,3v 1.14,1a
2100 4 Pay Back Money Christiane J. Kristiansen 216.558 1.16,0v 1.14,6a
2100 5 Best of Boszorg Therese Martinsen 186.719 1.14,7v 1.14,9a
2100 6 Winning Colors Dorte Klimes 222.000 1.18,7v 1.15,4a
2100 7 Fast Brown Talk Elisabeth Storetvedt 197.500 1.16,7v 1.15,5a
2120 8 Oddset Hæstak Siw Helen Bø 268.648 1.17,7v 1.12,8a
2120 9 Deep Sea Dream Caroline L.B. Morken 386.000 1.15,6v 1.13,6a
2140 10 Delphis Jag Kristine Kvasnes 583.200 1.15,3v 1.14,5a
2140 11 Gidde R. Icke Lena Høiland 967.000 1.15,0v 1.13,3a

Eit bilete Rune Eikeland tok av oss i prøveløpet:


Kommentarer

Populære innlegg