Lenge leve galskapen

No sit eg i bilen på veg til Bergen. Galskap vil nok mange meina. Og ja, det er nok det. Hestegalskap! Å reisa heimefrå klokka 10.00 for å ri eit løp på berre nokre minutt i Bergen klokka 20.03. Så er det mange timar i bilen igjen. Forhåpentlegvis er eg heime klokka 01.30. Det er ein lang dag berre for å ri eit løp. Så ja, det er nok galskap.

Utstyret er pakka i to baggar. Verdien på utstyret er mange tusen kroner. Og alt er dekka frå eiga lommebok. Eg har kjekke sponsorar som trør til og støttar meg med ein del av det eg treng for å utøva min hobby. Det set eg stor pris på. Ikkje alle er like heldige.

Alle timane og pengane me brukar på dette resulterer i 0 kroner tilbake. For DNT meiner nok at amatørar som meg har nok pengar. Me skal i alle fall ikkje få vera med i trekkordninga, slik at me kanskje har sjanse til å få dekka inn att litt av utstyrs- og reisekostnadane. Kuskane får oppsittspengar pluss 5-10% av innkjørt premie. Dei held ikkje utstyret sjølv, og dei aller fleste har sponsor som dekkar innkjøp av drakt. Reiseutgifter har dei nok litt av, men likevel har ein rytter endå meir utgifter. Kanskje det et på tide å vurdera om jobben rytterane legg ned i sporten og skal belønnast?

Eit problem med at rytterane ikkje er med i trekkordninga er at det er vanskelegare for oss å få travtrenarane til å melda i monte. Eg forstår godt at "alle" vil ha Kristine Kvasnes på ryggen til sin hest. Ho et dyktig, men trenarane blir og belønna med sine 5% av om kjørte av å bruka ho. Kanskje det er på tide å likestilla den jobben rytterane legg ned i sine oppsitt snart?<

Eg gjer dette av fri vilje fordi eg synest det er kjekt. Det er morosamt å konkurrera. Og det er sosialt å reisa på travløp. Men innerst inne ville nok lommeboka mi sett pris på å sleppa alle utgiftene sjølv. Eg vert aldri rik i pengar på denne sporten, men opplevingane kan ingen ta frå meg. Trav er ein fantastisk og sunn hobby. Eg håpar DNT kan leggja til rette for amatørane og snart.

Kommentarer

Populære innlegg