5. plass med Lindy

Tysdag 8. oktober kjørte eg Lindy Match i eit dameløp på Forus. Stian varma ho for meg, sidan ho var såpass stri i hurtigarbeidet, og det var nok ein god ide. Så fekk eg spara kreftene mine til løpet. Ho var ganske hissig i prøvestarten. Frå spor åtte bak bilen var eg lite optimistisk på førehand, men ho tok verkeleg tak i det bak bilen. Og då eg såg at det kunne løysa seg så gav eg litt etter og då tok ho endå meir avgarde. Me kom perfekt ned i ledarrygg! Det var eg imponert over frå den vanskelege startposisjonen.

Tethesten hadde det veldig travelt. Fyrste 500 meter gjekk etter 1.11, og første 1000 meter etter 1.13. Vinnartida vart 1.14,3. Lindy sprang det ho kunne heile vegen, og fekk det litt mot seg til slutt etter å ha vore med på den harde opninga. Me kom i mål til 5.plass på 1.15,9. Ho har berre gått fortare enn det ein gong før, og det var då ho gjekk rekorden sin 15,6 i mai. Så etter den pausen ho har hatt med nesten berre hard trening synest eg dette var veldig bra. Me var godt nøgde med innsatsen hennar.


Dette biletet tok Rune Eikeland av oss:


Kommentarer

Populære innlegg