Lindy i dameløp

På tysdag skal Lindy Match debutera for oss. Det vert i eit dameløp med meg i sulkyen. Eg har faktisk ikkje kjørt ho i trening endå, så eg veit ikkje heilt kva eg går til. Ho er veldig ukonsentrert og vimsete i trening. Me har vore uheldige i sportrekninga og står ytterst bak bilen. Løpet er sprint, noko som kanskje hadde vore ein fordel om me hadde hatt finare spor. Det ser veldig vanskeleg ut på papiret, så eg må berre håpa at me "dett ned" ein plass og får ein ok posisjon undervegs. Målet må vera at ho skal få ei grei gjennomkjøring og forhåpentlegvis eit fint løp. Får me premie må det vera bra frå ein vanskeleg utgangsposisjon.

Motstanden:
1. Rex Ø.: Er ein flink hest når han går feilfritt.
2. Rolls Royce: Hesten i feltet med best kusk, godt spor og best form. Skal normalt vinna dette løpet.
3. Excellent News: Kjenner eg ikkje til, men står med fine resultat og står perfekt inne grunnlagsmessig. Hadde neppe kome frå austlandet om det ikkje var på grunn av tankar om å kjempa i toppen.
4. Li Li Fly: Har fått nokre premiar dei siste løpa, og jaktar nok ein ny premie.
5. Velvet Tibur: Ser ut til å ha stabilisert seg litt, men er nok ikkje den enklaste å få rundt banen. Må nok senka rekorden sin ganske mykje for å hevda seg her.
6. Name Her Bee: Er tilbake i løpsbanen etter 2,5 års løpspause. Har sikta inn dette løpet, sjølv om ho står litt hardt inne grunnlagsmessig. Har galoppert mykje i sin karriere, og er nok fyrst og fremst på premiejakt.
7. M.L.'s Martinique: Står med to strake sigrar, og står perfekt inne grunnlagsmessig. Har ein vanskeleg utgangsposisjon, men skal likevel reknast i trippelkampen.
9. Caressa Star: Vann i sin nest siste start, men enda uplassert sist. Står i eit fint spor og kan få ei fin reise, det kan gjera at ho endar langt oppe på resultatlista.
10. Platino: Har bytta eigar, og gjorde eit godt løp i sin debut i ny regi. Har ein flink kusk som køyrer i flyt, og det kan fort føra dei langt opp på resultatlista frå eit fint spor.
11. Speedy Almahurst: Har gått mange gode løp, og vunne fleire løp i år. Står litt vanskeleg inne her, så ein premie er vel kanskje mest realistisk.
12. Bella Rose: Startar ikkje så ofte, men har gode resultat i dei løpa ho har vore ute i i år. Står perfekt inne grunnlagsmessig, men vanskeleg til spormessig. Med klaff kan ho kjempa om ein trippelplass.

Startliste:
Løp: 5  STATOIL FORUS' DAMELØP  (ca. kl. 19:41)
Varmblods. 3-12-årige høyest 115.000 kr.
1600 m. Autostart.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-1     V65-4     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Rex Ø. Ronja Good 70.932 1.17,4v 1.16,4a
1600 2 Rolls Royce Kristine Kvasnes 107.893 1.16,6v 1.15,0a
1600 3 Excellent News Agnes Usterud 111.000 1.15,5v 1.17,1a
1600 4 Li Li Fly Renate Lea 96.500 1.17,2v 1.13,9a
1600 5 Velvet Tibur Rannveig Gudmestad 37.500 1.17,6v 1.18,7a
1600 6 Name Her Bee Kristin Stokkedal 53.290 1.18,3v 1.14,5a
1600 7 M.L.'s Martinique Ann Kristin Rasmussen 111.000 1.17,4v 1.15,6a
1600 8 Lindy Match Charlotte Steine 94.000 1.18,9v 1.15,6a
1600 9 Caressa Star Marit E. Stokka Svendsen 90.000 1.17,9v 1.14,9a
1600 10 Platino Anette Frønes 115.443 1.19,3v 1.14,5a
1600 11 Speedy Almahurst Monica Refsland 92.000 1.16,2v 1.15,4a
1600 12 Bella Rose Ragnhild Tjaum 114.000 1.17,7v 1.14,6a

Eit par bilete:
Meg og Lindy på lokalkjøringa. Den gong under sal.

Lindy i sulkyløp, her frå 2011. Foto: Øyvind A. Brusletten.

Kommentarer

Populære innlegg