Resultat frå mine siste løp

Det har gått i eitt for meg den siste tida. Eg byrja i ny jobb i juni, me har fiksa sal av leilegheita me budde i og flytta inn i nytt hus, i tillegg til alt arbeidet med hestane så har det rett og slett blitt knapt med tid til å blogga. Men no håpar eg å vera opp å gå igjen.

Eg rei montéløp på Nextrem Østervang 13. august. Det gjekk ikkje som eg trudde. Han var veldig fin i varminga og kjendes flott ut i prøvestarten. Me fekk ein pangstart og kom raskt framover i feltet. På fyrste langsida sikta eg inn ledarryggen, men i det me skulle passera ein konkurrent galopperte hesten på innsida. Dermed slang Nextremen seg over i galopp og. Han gjekk fint etter galoppen, heilt til midt på oppløpet. Då var det bråstopp, akkurat som han berre gav opp og ikkje synest det var noko kjekt lenger. Så det var veldig keisamt.

På bursdagen min, 20. august, var eg ute i rekruttløp på Forus. Eg rakk ikkje skriva blogginnlegg før det løpet, men eg hadde ganske god tru på at me skulle få med oss ein fin premie i løpet. Pay Back Money varma veldig fint og kjentes bra ut. Han var rolig og fin både i varminga og prøvestarten. Sidan hesten i fyrstespor var strøket, rykka me inn til fyrstespor bak bilen. Pay Back løyste godt. Då eg såg Novak Bi kom på utsida sleppte eg den fram til tet. Dermed vart det ledarrygg på oss. Pay Back må ha ryggløp, så det vart riktig for oss. Det gjekk veldig fort undervegs, så eg ville ikkje pressa han for å halda ledarryggen. Dermed fekk favoritten koma inn framføre oss, sjølv om han svinga inn litt i seinaste laget. Eg hadde dei to beste hestane framføre meg. Rett før mål vart me speeda ned av ein konkurrent som ikkje hadde vore med på hardkjøret i front. Me fekk ein flott 4. plass. Pay Back viste at formen er god. Han trava 1.15,2 og det er ny rekord over mellomdistanse. Han vart solgt etter løpet, så dette vart dessverre siste løpet for oss. Så eg slengjer på eit par bilete av meg og gullgutten:


Foto: Rune Eikeland

Foto: Olav Lunde

Foto: Elli Larsen

Me har kjøpt ein ny varmblodshest, som forhåpentlegvis kan erstatta litt av det Pay Back gjorde. Det er ei varmblodshoppe som me håpar skal gjera det godt i monté.

Kommentarer

Populære innlegg