Quillity's Desperado godkjent

I går var eg ute i montéprøveløp med Quillity's Desperado på Forus. Han virka veldig fin og pigg i varminga, og gjekk ein fin 500 meter som han gjorde veldig lett. Eg tok ein prøvestart og han var litt vanskeleg å få rundt. Eg sleit med å få fart på han i volten til prøveløpet, men me kom oss frå start. Eg la meg ned bak Novak Bi i prøveløpet. Me rei 24,9 første 500 meterane, og Novak Bi auka til 21,1 både første 1000 meter og første 1450 meter. Eg låg nokre meter bak heile tida, for Despo var litt var for spruten og vegra seg litt for å gå opp i rygg på hesten framføre. Likevel synest eg han gjorde eit fint prøveløp, og han har nok meir inne enn han viste på sørpebanen i går. Han vart godkjent på 1.21,3.

Eg prøvde to sett med tøylar på han, og var veldig nøgd med det. Eg synest eg fekk godt tak på han med dei. Saueskinnssjabraken eg har kjøpt er heilt fantastisk god!

Eit par bilete Rune Eikeland tok av oss:



Kommentarer

Populære innlegg