Montéprøveløp med Quillity's Desperado

På lørdag er det V75-kjøring på Forus. Eg skal ut i montéprøveløp med Quillity's Desperado. Det er ein hingst med nesten 200.000 kroner i grunnlag. Han har berre starta fem løp i år, utan å tjena pengar. Men kanskje han synest det er litt kjekkare å konkurrera i monté?

Eg har aldri ridd han før, men oppassaren har ridd ein del på han. Ifølgje ho skal han klara kravet, så då får me satsa på det. Det vart fire hestar i prøveløpet, og det er fint. Då får ein litt meir svar på om hestane eignar seg innanfor travritt. Eg synest uansett alltid det er kjekt å få prøva nye hestar under sal, så eg ser fram til prøveløpet og håpar me klarar det.

Startliste:
Løp: 21  #Monté #Prøveløp  (ca. kl. 12:50)
Monté Prøveløp
Alle.
2040 m. Monté Voltestart.
ALLE      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Peter Plys Lise Hjetland 117.010 1.21,7v 1.15,9a
2040 2 Novak Bi Siw Helen Bø 273.755 1.16,5v 1.13,6a
2040 3 One Way Ås Brit Lea 305.634 1.16,0v 1.14,5a
2040 4 Quillity's Desperado Charlotte Steine 199.100 1.15,2v 1.13,8a

Eit bilete eg tok av han og Harald Inge Hagen i fjor:

Kommentarer

Populære innlegg