2. plass på lokalkjøring

Eg rei Lindy Match på Hestens dag på Forus på tysdag. Ho varma veldig dårleg. Me prøvde oss med å varma med opent hodelag, og det var ingen suksess. Ho berre galopperte og tulla seg. Men då eg tok ein prøvestart like før løpet var ho meir på hogget, og ho gjekk i trav heilt til eg tok opp. Me trefte starten perfekt og fekk teten. Eg skulle ri i jamn fart heile vegen var planen, men ho er litt vrien og eg ville ikkje ta for mykje i ho sidan ho då kan slenga seg over i galopp. Så me opna fyrste 500, fyrste 1000 og fyrste 1450 meterane på 1.18. Ho bryt ut på den bortre langsida begge rundane, og på sisterunden tru ho nok at ho er ferdig fordi ho vil ut porten. Då rakk ein konkurrent å passera oss, og me hadde ikkje sjanse til å svara opp. Ho vart nok litt trøytt, men stod på fint til mål og me fekk 2. plass. Det var ingen offisiell tid, men ho gjekk nok rundt 1.20.

Eg rei med to sett tøylar igjen, og er veldig nøgd med det. Sitsen var litt finare igjen i forhold til prøveløpet eg rei med dei tøylane. No er det berre å jobba med å få armane på rett plass, så vert dette bra.

Nokre bilete Rune Eikeland tok av oss:
 



Til slutt eit bilete av premien vår:

Kommentarer

  1. Gratulerer! :)

    Kan du legge ut detaljbildet av hvordan du holder når rir med doble tøyler?
    Hadde vært moro å sammenlingna Sofias metode med den P. Jarvén lærte bort på Drammen - evt om det er samme :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg