Rekruttløp i Bergen

I morgon skal me til Bergen med to stallhestar, Petra K. og Pay Back Money. Eg skal ri Pay Back. I tillegg til det skal eg køyra Kings Photo i eit ungdomsløp. Han gjekk veldig fint for meg sist eg køyrde han, sjølv om me fekk ein del trafikktrøbbel undervegs i det løpet. Denne gongen har me fått eit vanskeleg spor. Eg har spor 12 på volten, noko som betyr ledande bakspor motsatt veg. Eg har berre hatt bakspor ein eller to gonger før, og då var det rett veg. Eg har aldri hatt ledande bakspor før, og me lærte det heller ikkje på lisenskurset. Så for å klara dette har eg studert volten om att og om att, men eg er framleis ikkje heilt sikker på alle detaljane, så eg må snakka med startarane før løpet.

Det er mange urutinerte kuskar i feltet, så det kan skje mykje rart. Enten får alle til volten med ein gong, eller så kan det fort verta mange omstartar. Dersom me kjem oss greit frå start og finn ein okei posisjon undervegs, eg klarar å køyra i trav igjen og unngår problem undervegs, så håpar eg me kan få oss ein fin premie igjen.

Motstanden:
1. M.T. Heliconia: Skal ifølgje kusken strykast i morgon. Uansett vanskeleg å vurdera sidan ho ikkje har starta i Noreg før.
2. Grey Sunshine: Har fått nokre premiar etter ho kom til Noreg, og er nok på premiejakt igjen.
3. The Flying Jet: Står med to strake sigrar. Kusken har ikkje kjørt løp sidan august 2011. Står fint til på strek, og kan leda lenge.
4. Latona Broline: Går jamleg i premiane, plukka nokre trippelplasseringar på hausten i fjor. Kan kanskje kjempa om ein trippelplass med fint løp.
5. Adamo Kievitshof: Har fine resultat å visa til, rutinert kusk og fint spor. Kjemper om sigeren her.
6. Leyton U.: Har gått mange fine løp, og plukka med seg ein del trippelplasseringar. Kan fort vera på trippelen i dette løpet.
7. One Hot Lady: Hesten har ikkje vist det store den siste tida, og kusken har ingen premiar på tre forsøk, så ein premie er nok målet her.
8. Eloise Håleryd: Er lagt ut til salgs som avlshoppe, så dermed er nok premie målet.
9. Charme: Har tre sigrar dei siste fire startane. Har ikkje gått så fort, men det er ikkje sikkert ho treng det her heller. Kusken har fin uttelling i sine løp. Kan kjempa om seieren.
10. Sophie Joiner: Har ikkje fått premie på mellomdistanse sidan september i fjor, så ho er nok på jakt etter premie her.
11. Paris Turf: Har fått bakspor. Kjem ut i ny regi, og Anita pleier å få hestane til å springa. Outsider.
12: Patricia Frontline: Har berre gått eit løp i Bergen, og har ikkje noko særleg resultat å visa til dei siste månadane, så er vel kanskje ein premiekandidat her.
13. M.L.'s Martinique: Har galoppert i dei to siste volteløpa sine, men går greit når ho held seg i rett gangart. Vanskeleg utgangsposisjon, så det er nok kanskje premie som er målet.
14. Super Chili: Gjekk nokre gode løp i starten av karrieren, men står vanskeleg inne i bakspor her, så premie er kanskje mest realistisk.

Startliste:
Løp: 7  MALERMESTER ERIK LANDAAS REKRUTTSERIE  (ca. kl. 20:20)
Varmblods. 3-12-årige høyest 88.000 kr.
2100 m. Tillegg 20 m. ved vunnet 35.000 kr.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 M.T. Heliconia Caroline L.B. Morken 24.951 1.17,9v
2100 2 Grey Sunshine Elisabeth Storetvedt 22.581 1.17,4v 1.20,7a
2100 3 The Flying Jet Ida Kristine Opås 33.500 1.19,2v
2120 4 Latona Broline Victoria Steine 55.223 1.17,2v 1.16,6a
2120 5 Adamo Kievitshof Kristine Kvasnes 59.959 1.16,9v 1.15,0a
2120 6 Leyton U. Therese Martinsen 82.000 1.17,3v 1.16,5a
2120 7 One Hot Lady Stine-Elise Iversen 76.464 1.18,3v 1.16,3a
2120 8 Eloise Håleryd Johan Kringeland Eriksen 64.084 1.17,9v 1.16,4a
2120 9 Charme Joakim Rasmussen 48.801 1.19,0v 1.17,4a
2120 10 Sophie Joiner Stine Totland Ekerhovd 66.500 1.17,5v 1.15,3a
2120 11 Paris Turf Henning N. Horpestad 60.500 1.18,1v 1.16,8a
2120 12 Patricia Frontline Ingrid Helland Olsen 61.580 1.15,7v 1.20,1a
2120 13 M.L.'s Martinique Ann Kristin Rasmussen 55.500 1.17,9v 1.15,8a
2120 14 Super Chili Eivind Bryn 80.500 1.18,7v 1.17,2a
2120 15 Kings Photo Charlotte Steine 75.500 1.18,5v 1.16,4a

Dette biletet tok Rune Eikeland av oss sist eg køyrde han:

Kommentarer

Populære innlegg