Kings Photo i Rekruttserien

I morgon skal eg ut i sulkyløp på Forus igjen. Denne gongen skal eg køyra Kings Photo. Det er far og bror til sambuaren min som eig han. Eg har køyrd han i to hurtigarbeid, og då har han verka fin. Han har rota litt med galopp, så eg får satsa på å køyra i rett gangart. Me har fått spor langt ute på vingen bak bilen, så eg håper det løyser seg frå start så me forhåpentlegvis kan få ein fin posisjon undervegs. Klarar eg å køyra i trav, så vert det neste målet å køyra etter best mogeleg premie.

Motstanden:
1. Bella Rose: Gjekk fint til 3. plass sist Henning køyrde. Har hatt litt pause etter det løpet og enda uplassert etter litt uheldig opplegg i sin siste start. Får fint løp herifrå og kjemper om trippelplass igjen.
2. Herecomesthesun: Den beste hesten i feltet. Har ein talentfull kusk som har køyrd hesten i eit løp. Fekk 2. plass med galopp forrige rekruttløp og har gjort fine løp etterpå. Kan fort vera vinnaren.
3. Picazzo: Galopperer mykje og er nok ute etter feilfritt og premie.
4. Velvet Tibur: Ein litt vanskeleg hest som har galoppert mykje. Har levert nokre fine løp etter galopp og fekk ein fin 2. plass sist.
5. Rolls Royce: Har fine resultat å visa til etter han kom til Noreg, og ein kusk som ofte får fart på hestane. Trippelaktuell.
6. Highway Axis: Har hatt lang pause frå november til 30. april. Har fått tre løp i kroppen no, og fekk 4. plass sist, så han er nok på veg opp i form. Jaktar ein premie, og kanskje til og med ein trippelplass.
8. Grandslam Volo: Er litt variabel, men fekk 4. plass for Mats sist han køyrde. Jaktar premie igjen.
9. Yankee Jet: Har ikkje så mange premiar å visa til, men står i eit fint spor og kan få det rette løpet her.
10. Lucky Power: Ein jamn hest som plukkar premiar jamnt og trutt. Kan få eit fint løp frå denne utgangsposisjonen, og då er kanskje ein fin premie eller trippelplass innan rekkevidde.

Startliste:
Løp: 7  REKRUTTSERIEN 2013  (ca. kl. 20:20)
Varmblods. 3-12-årige høyest 80.000 kr. samt 3-12-årige norskfødte høyest 100.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 18.000-9.000-6.000-4.000-3.000-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Bella Rose Henning N. Horpestad 87.000 1.18,8v 1.17,3a
2040 2 Herecomesthesun Magnus Teien Gundersen 74.500 1.17,3v 1.17,0a
2040 3 Picazzo Morten Erga 80.640 1.17,4v 1.15,8a
2040 4 Velvet Tibur Silje Jessen 28.500 1.18,2v 1.20,8a
2040 5 Rolls Royce Joakim Rasmussen 58.893 1.17,4v 1.15,4a
2040 6 Highway Axis Lars Kristian Løkken 83.500 1.17,3v 1.15,9a
2040 7 Kings Photo Charlotte Steine 72.500 1.18,5v 1.16,4a
2040 8 Grandslam Volo Mats Gunnar Ringberg 59.000 1.17,7v 1.13,8a
2040 9 Yankee Jet Stian Øksnevad 40.000 1.18,8v 1.16,1a
2040 10 Lucky Power Ronja Good 55.500 1.18,8v 1.15,9a

Eit bilete eg tok av Kings Photo i løpet han gjekk 30. april:

Kommentarer

Populære innlegg