5. plass med Kings Photo

Eg køyrde Kings Photo i Rekruttserien på Forus i går. Like før bilen slapp skjente han litt utover så det nesten vart hjulhekt, men eg fekk han heldigvis på betre tankar. I det fyrste forsøket løyste han godt bak bilen, men det vart dessverre omstart. I det gyldige forsøket var han ikkje heilt med på notane. Me vart hengjande i tredjespor, eg kunne køyrt der litt lenger og prøvd å koma ned lenger framme. I etterkant såg eg at det sannsynlegvis hadde løyst seg. Men eg valte å ta opp og gå sist innvendig. Første 500 meter gjekk etter 1.15,6.

Eg låg i førstespor heilt til ein konkurrent som hadde galoppert nesten hadde tatt oss igjen, då svinga eg ut i andrespor. Han kjentes veldig pigg og på hogget ut heile vegen. 1000 meter vart dempa til 1.19,5. I nest siste sving klarte ikkje hesten foran og bak å bestemma seg om han skulle angripa eller ikkje, så då vart det litt rot. Hesten bak meg angreip og hekta hjul med hesten foran. Så eg vart sitjande fast i andrespor bak ein konkurrent som stoppa. Hestane som angreip rundt oss vart og hemma av den stoppande hesten som hekta hjul med ein konkurrent i siste svingen. Ut på oppløpet fekk eg fri bane, og han speeda godt då eg fekk av hetta. Det vart langt langt fram til dei fremste, men me fekk ein fin 5. plass på 19,2.

Det vert ofte mykje rart i ungdomsløpa, og denne gongen vart alt feil. Så då er det godt at hesten gjer jobben sin når luka kjem. Eg klarte å køyra i trav, og det var eit mål. Han var bein og fin og kjendes travsikker ut heile vegen, så det var positivt.

Dette biletet tok Rune Eikeland av oss:

Kommentarer

Populære innlegg