Automonté med Pay Back

I morgon skal eg ri Pay Back Money igjen. Grunnlagsmessig er løpet litt hardt, fordi det er utskrive amerikanarløp under 550.000 kroner. Sidan me har fått spor to betyr det at det me har nest minst grunnlag, men det er fint med spor langt inne sidan eg har så startrask hest. Pay Back er på veg opp i form. I sitt siste travløp satt han bom fast og kom i mål utan å ha dratt hetta og skylappane. Sist eg køyrde han i ungdomsløp gjorde me nokre endringar som slo positivt ut, så me vil prøva slik i dette løpet òg. Han er veldig startrask, så lenge han går i trav, og får sannsynlegvis ein fin posisjon undervegs. Han har vorte betre for kvart montéløp han har gått, så eg gler meg til å ri han igjen. Det vert spennande å sjå korleis han går, distansen er nok uansett ein fordel.

Motstanden:
1. Nopeacelikeheaven: Skuffa som favoritt i montédebuten. Gjekk 1.20,1 då, og 19,9 i prøveløpet. Begge gongane sat Kristine på ryggen. Gjekk godt i sitt siste sulkyløp, men må vera betre enn montédebuten for å få premie.
3. Winning Colors: Er eigentleg flink i monté, men vart rapportert i sitt siste travritt. Hadde kanskje hatt fordel av litt lenger løp.
4. Naomi Dryad: Startrask og flink montéhest. Kan få teten og då trur eg ho kan leda lenge i dette feltet.
5. Chief Photo: Galopperte i montédebuten, men Kristine hadde tru på han etter prøveløpet. Har nok fordel av autostart. Kan fort vera ein trippelkandidat feilfritt.
6. Astral Projection: Imponerte ingen i dei to fyrste montéløpa sine, men har imponert stort i dei to siste løpa som begge har resultert i fine sigrar for Siv Emilie Løvvold. Får Kristine på ryggen no, men på dei siste prestasjonane skal han vinna dette løpet òg.
7. Company Ås: Vann i sitt siste sulkyløp, gjekk veldig godt då, så formen er nok på topp. Vann òg løp i mars. Caroline valgte å ri han, så det er nok den ho ser med best sjanse. Trippelkandidat.
8. Mack Attack S.E.: Montédebutant. Gjekk prøveløp på 19,7 i 2009. Har hatt eit års løpspause, så kanskje løpsgnisten er tilbake når han får sal på ryggen? Såg fin ut i sulkyprøveløpet 7. mai.
9. Knödden Aubiose: Vann løp i mars, men har gått to langløp på rad i sulky utan å få premie. Er ein flink montéhest, så ein best mogeleg premie er nok målet.
10. Macho: Har galoppert i montéløpa han har vore ute i, og har endå ikkje fått ein premie under sal. Gjekk godt til 3. plass i sitt siste sulkyløp. Må gå feilfritt for å henta premie her.

Startliste:
Løp: 4  BETONGENTREPENØR SVEINUNG BORGEN's LØP  (ca. kl. 19:15)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige høyest 550.000 kr.
1600 m. Monté Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 15.000-7.500-5.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto V5-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Nopeacelikeheaven Ann Kristin Rasmussen 182.901 1.16,3v 1.14,1a
1600 2 Pay Back Money Charlotte Steine 205.558 1.16,0v 1.14,6a
1600 3 Winning Colors Dorte Klimes 221.000 1.18,7v 1.15,4a
1600 4 Naomi Dryad Therese Martinsen 272.400 1.16,4v 1.14,5a
1600 5 Chief Photo Linda Elisabeth Larsen 294.500 1.16,8v 1.15,4a
1600 6 Astral Projection Kristine Kvasnes 344.500 1.15,1v 1.13,3a
1600 7 Company Ås Caroline L.B. Morken 387.005 1.15,5v 1.13,5a
1600 8 Mack Attack S.E. Malin C. Stokke 395.876 1.17,8v 1.13,8a
1600 9 Knödden Aubiose Camilla Sund 476.016 1.14,3v 1.12,9a
1600 10 Macho Victoria Steine 491.886 1.16,9v 1.12,5a

Dette biletet har Rune Eikeland tatt av oss:


Kommentarer

Populære innlegg