Sparkar i gang travåret 2013

I morgon skal eg ut i løpsbanen for fyrste gongen i år. Eg har fått eit gjesteoppsitt på Come Pete. Han har berre gått eitt montéløp før, og ifølgje Anette som rei han då tålte han ikkje hestane rundt seg. Debuten enda i diskvalifikasjon for galopp. Prøveløpet gjekk han på 1.21,8. Eg er usikker på kva han kan. Eg har køyrt han i eitt ungdomsløp tidlegare, då var han hissig i varminga og fram til løpet kom i gang, men regulerbar og stabil i løpet. Eg håper autostart er meir hans greie i monté, så får me satsa alt på å ri i trav. Om me klarar det håpar eg me kan kjempa om ein fin premie.

Motstanden:
1. Zipin Rapida: Gjekk godt til siger i montédebuten, men enda uplassert i sitt andre montéløp. Har ikkje vore ute i monté med autostart, men står hardt inne grunnlagsmessig. Usikker på kva han kan, men er kanskje god nok for ein trippelplassering.
2. Zenitzia: Ein jamn og flink montéhest som stort sett alltid kjempar i toppen. Har galoppert i nokre av løpa, men fortsatt fått premie. Står hardt inne grunnlagsmessig, men skal reknast med seiersjanse likevel.
3. Yor De Landerije: Har ein seier og ein tredjeplass i monté. Og har gått montéløpa sine på ein god måte. Får eigaren på ryggen no, men eg trur ikkje det er negativt. Har ikkje vist den store travformen i det siste, men på tidlegare montémerittar skal han kjempa i toppen.
5. Blue Question: Startar ikkje.
6. Missionary Man: Ein flink montéhest som leverte ein sterk innsats sist han starta. Utan galopp kan han fort vera vinnaren.
7. Oxford: Har berre starta eitt montéløp, då enda han uplassert. Formen er nok litt skral, men Lise er flink å få fart på hestane. Usikker på korleis han er i travritt, så han er kanskje ein premiekandidat i første omgang.
8. Örjan Palema: Får Kristine på ryggen og skal reknast på det. Ho har testa hesten under sal, og var nok nøgd sidan ho ville ri han her. Leverte eit godt løp i sin debut i ny regi i sin siste start. Vanskeleg å plassera sidan han ikkje har gått så mange montéløp, men han har mest grunnlag og best rytter, og skal reknast i toppen.

Startlista:
Løp: 1  Stall Ovi's monteløp  (ca. kl. 18:00)
MONTÉLØP
Varmblods. 4-12-årige høyest 500.000 kr.
2040 m. Monté Autostart. Maks 10 startende.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Zipin Rapida Lene Rotneim 76.882 1.16,5v 1.16,2a
2040 2 Zenitzia Anette Selliken 115.000 1.17,5v 1.16,4a
2040 3 Yor de Landerije Camilla Sund 129.309 1.16,4v 1.15,0a
2040 4 Come Pete Charlotte Steine 172.700 1.16,0v 1.14,2a
2040 5 Blue Question Eirin Bjerland Vinvand 222.500 1.17,4v 1.15,7a
2040 6 Missionary Man Martine Finsand 252.902 1.17,4v 1.14,4a
2040 7 Oxford Lise Hjetland 248.705 1.16,3v 1.15,0a
2040 8 Örjan Palema Kristine Kvasnes 315.011 1.15,8v 1.12,1a


Dette biletet har eg tatt av han ein gong han starta travløp på Forus:

Kommentarer

Populære innlegg