Det vart ingen sesongavslutning...

Eg skulle ridd løp på Sørlandet på søndag. Me køyrde ned, fekk hestane og utstyret av hengaren og fekk ete middag. Like før eg skulle sela på Crown som óg skulle starta, byrja ryktene om at travkøyringa var avlyst å gå. 16.45 (45 minutt før fyrste løpet skulle gå, etter at mange av hestane hadde varma) kom beskjeden - køyringa var avlyst.

Banen hadde gått i oppløysing og stevneveterinær/funksjonærar meinte det ikkje var forsvarleg å køyra løp. Avgjersla er heilt grei, men eg synest det var fryktelet irriterande at beskjeden ikkje kom tidlegare. Eg meiner det er respektlaust ovanfor alle tilreisande med lang reiseveg at ikkje beskjeden om tilstanden til banen kom ut tidlegare. Veldig mange "kasta bort" tida si på å køyra ned. Dersom det var håp om å redda banen så kunne dei gått ut med eit varsel om at det var fare for avlysing, dermed kunne deltakarane sjølv valgt om dei ville ta den lange turen. Det vert nok lenge før eg  vurderer Sørlandstur igjen.

Dermed måtte me pakka saman att og reisa tilbake. Fram og tilbake er like langt...

Med det vil eg ynskja alle mine lesarar eit godt nytt år!

Kommentarer

Populære innlegg