4. plass på dårleg dag

Eg var ute med Come Pete i eitt montéløp på Forus tysdag. Han varma greitt, men verka litt utrygg på svingane. Så etter varminga endra me litt på balansen. Målet dette løpet var at han skulle gå feilfritt og få ei fin oppleving.

Han er ikkje særleg startrask, og då eg såg bak bilen at dei fleste rei aktivt tok eg opp med ein gong. Eg rei inn i fyrstespor og lot han gå seg til i sitt eige tempo bak dei andre. Inn på første svingen tok han meir tak i det og han kjendes meir stabil ut. Eg rei innvendig heile vegen. Dei som var framme rei veldig fort undervegs, første 500 meter på 1.13 og første 1000 meter på 1.15. Det verka som Come Pete sleit litt med tempoet undervegs. Han vart veldig sliten og sleppte feltet allereie 500 meter frå mål. Då hestane framme galopperte og gav seg, passerte me dei til mål. Så det lønna seg å ri til mål denne gongen, for me fekk 4.plassen. Tida var svake 21,6. Etter løpet snørra han veldig, og det var ikkje normalt ifølgje eigaren. Han hosta ein gong før løpet og, så eigarane meinte han måtte vera sjuk, for han skulle vore betre enn det han var.

Eg hadde min nye, blå dramontésjekk på i dette løpet, og var veldig nøgd med den.

Nokre bilete Rune Eikeland tok av oss:

Varming.
Varming. 
Prøvestart.

Kommentarer

Populære innlegg