Årskavalkade 2012


Januar
Året starta med to prøveløp. Fyrst godkjente eg Famous Tile på 1.25,0. Ho prøvde seg i monté ein gong seinare på året utan hell. Det andre prøveløpet rei eg på Easterboy K.K. (bildet). Han gjekk godkjent på 1.20,0. Siste dagen i januar leverte Easterboy K.K. sitt debutløp under sal. Det resulterte i ein 5. plass på 18,4.

Februar
I årets andre månad hadde eg berre eitt oppsitt. Det var på montédebutanten Sylv Spika (bildet). Ho leverte eit greitt løp til 6. plass på 1.31,2.









Mars
Årets tredje månad starta eg med å godkjenna Pay Back Money (bildet) til monté. Han gjekk veldig fint på tida 1.19,1. Same dagen var Easterboy K.K. ute i montéløp. Han galopperte og enda uplassert.





 



April 
I april gjekk Pay Back Money sitt debutløp under sal. Han gjekk eit flott løp og fekk ein fin 2. plass bak Emil Wibb. Eg tok turen til Bergen seinare denne månaden. Der fekk eg køyra Miras Frigg for Ida Beate Vikse i årets fyrste sulkyløp. Dessverre galopperte han slik at me enda uplassert. Eg rei og Lillruben (biletet) som ikkje var på topp og enda uplassert.


Mai
I mai skulle eg eigentleg ri Options Blue Chip i eitt montéprøveløp, men han vart strøket. Eg køyrde mitt andre sulkyløp dette året. Det var med Pay Back Money (biletet, foto: Arnfinn Roaldsøy) i Rekruttserien 2012 på Forus. Han galopperte frå start, men henta seg veldig fint inn att til 4. plass og gav meg verdifulle poeng i
 Rekruttserien på Forus. Eg fekk og æren av å ri den kapable montédebutanten Nimo (biletet, foto: Arnfinn Roaldsøy) i hans
debutløp under sal. Han var veldig fin i varminga, men galopperte i løpet. I slutten av månaden var eg på Bergenstur. Eg hadde oppsitt på One Hot Minute i ungdomsløpet, noko som resulterte i 5. plass etter ein flott spurt. I montéløpet den dagen rei eg Conway Holl. Det var ein kjekk herremann som leverte eit flott løp til 4.plass. Månaden vart avslutta med ein 5.plass på ryggen til hissige Cumulus i eitt montéløp på Forus. 



Juni
Sommaren starta eg med ein Sørlandstur for å ri Conway Holl (biletet) i eitt montéløp som favoriserte rytterar med få startar. Det enda ikkje særleg godt, uplassert og halt hest. Deretter var eg ute med Eggen Prins (bildet) i Rekruttserien 2012 på Forus. Han gjekk nok ein gong eit godt løp for meg til 2.plass. Så prøvde me lukka i Haugesund. Heller ikkje dette gjekk særleg bra. Pay Back Money skulle gå eitt montéløp. Det enda med at me vart nedridde på startsida. Heldigvis klarte eg å halda meg på hesten, fekk han ned i trav og fullførte løpet. Han leverte ein topp innsats etterpå og henta så mange meter at han rakk fram til 5. plass. Det siste løpet denne månaden rei eg på montédebutanten One Hot Minute i Bergen. Han gav heilt opp etter 1600 meter og enda uplassert.






Juli
For meg var juli ein veldig rolig månad. Eg hadde ingen startar denne månaden. Det einaste eg var i løpsbanen var då eg rei montéprøveløp på Eggen Prins (biletet, foto: Elli Larsen). Han gjekk godkjent på 1.34,6 åleine på ein bane som ikkje var til hans fordel.



 






August 
Denne månaden starta med eit gjesteoppsitt på favoritten Options Blue Chip (biletet). Han var svak for dagen og enda uplassert. Me tok så ein ny tur til Sørlandet. Denne gongen hadde me Pay Back Money på hengaren. Han starta i eit ungdomssløp i TGN-serien. Det var høgt tempo i løpet, men Pay Back gjekk veldig godt og fullførte på ny rekord på distansen til ein fin 3. plass. Midt i månaden tok eg turen til Bergen for å ri Giant Augustinu i eitt montéløp. Noko som gjekk over all forventning. Ein flott 2. plass i mitt aller fyrste langløp i monté. Deretter stod eitt nytt løp i Rekruttserien 2012 på programmet. Eg fekk gjesteoppsitt på Come Pete. Etter litt rot med ein omstart bak bilen vart løpet litt annleis enn det som først var planlagt. Likevel fekk han ein fin 3.plass og eg henta nye poeng i serien. Månaden avslutta eg på ryggen til Eggen Prins (biletet) i hans montédebut i Rappfots Æresløp. Det gjekk heilt greitt. Han fullførte til 9. plass på ein bane han ikkje likte.


September
Denne månaden køyrde eg to dameløp på ein dag. Fyrst fekk eg 4. plass med Madla Tor som gjekk eitt fint løp, så fekk eg 5. plass med Alezan Labrousse (biletet). Midt i månaden tok eg turen til Bergen igjen. Denne gongen var det for å ri eitt montéløp på Tøffe Toft. Han var veldig fin i varminga, men ikkje som best i løpet. Me enda uplassert frå 80 meter tillegg på sprint.




Oktober
Årets siste montéprøveløp rei eg denne gongen. Eg godkjente Nextrem Østervang for monté. Han var ein stor og flott hest som var veldig lat. Eg jobba godt for å få han til å springa rundt banen, men til slutt kom han i mål på tida 1.22,4. Deretter var eg ute i nok eit løp i Rekruttserien 2012. Denne gongen fekk eg gjesteoppsitt på The Bachelor (biletet). Han var ein veldig høflig herremann som imponerte meg med ein fin speed på sine eldre dagar. Me fekk 4. plass etter eit feil filval i siste svingen. Eg prøvde meg bak Kandidaten i eit ungdomsløp i Bergen. Det vart feil for han med ein treig start på sprint, så me enda uplassert. Eldfri (biletet) gjekk sitt debutløp i monté denne månaden. Ho imponerte ingen då ho ikkje klarte henga med og kom i mål som distansert i sitt løp.




November
Nextrem Østervang (biletet) var den einaste hesten eg hadde oppsitt på denne månaden. Han gjekk sitt debutløp under sal. Etter mykje trafikkproblemar undervegs, sjeneringar og urutinerte rytterar som ikkje haldt spora sine kom han i mål til 7.plass. Det var godkjent etter alle problema undervegs. Eg gler meg til å ri han neste gong, for eg trur han har litt å henta i travritt.



Desember
Eg avslutta min sesong med dei to finaleløpa i Rekruttserien 2012 på Forus travbane. Fyrst køyrde eg Pay Back Money (biletet). Han hadde hatt pause og hadde berre eitt løp langt bak feltet i kroppen etter pausen, men han var tilbake i slag. Han gjekk godt bak bilen og fekk ledarrygg heile løpet. Me tapte med ei halv lengde (sjå biletet) og fekk ein flott 2. plass. Deretter køyrde eg Madla Tor i kaldblodsløpet. For å vinna rekruttserien måtte eg henta endå fleire poeng på Lars Kristian som leda, men Madla Tor gav litt opp i det hestane passerte han på oppløpet. Likevel fekk me ein fin 5.plass. Dermed enda eg to poeng bak Lars Kristian i samandraget, men eg klatra forbi Mats Gunnar slik at eg enda på 2. plass i Rekruttserien 2012.







Premieutdeling i Rekruttserien 2012.


Oppsummering
I år har eg starta 29 løp. Eg har ikkje klart å vinna løp, men har tapt med små marginar fleire gonger. Til slutt tok eg fire andreplassar, to tredjeplassar og 13 øvrige plasseringar dette året. Eg køyrde og rei inn 69.000 kroner til hesteeigarane som lot meg få sjansen i løpsbanen dette året. Det vil seia at eg hadde ti løp utan premie. Etter tre sesongar på rad med fleire sigrar, var det ein nedtur at sigeren ikkje kom dette året. Dermed må eg berre ta nye tak og prøva å gjera det betre i løpsbanen i 2013. Eg vil takka alle som har latt meg få ri eller køyra hesten deira dette året. Utan dykk hadde eg ikkje vore å sjå i banen. Eg ynskjer alle mine travvener og lesarar hell og lykke i det nye travåret.

Alle bileta er tekne av Rune Eikeland. Fotografen er nemnt på dei bileta han ikkje har tatt.

Kommentarer

Populære innlegg