To dameløp i morgon

Etter ei veke med skral form, håpar eg at eg er fit for fight i morgon. Då skal eg køyre to dameløp på Forus under Damenes dag. Fyrst ut er eit kaldblodsløp med voltestart. Der skal eg køyra Madla Tor frå 40 meter tillegg. Han har ikkje gått så mange løp i det siste, men formen skal visst vera grei. Eg har aldri køyrt han før, så eg veit ikkje heilt korleis han er. Me står åleine på tillegget vårt, og har dermed alle konkurrentane framføre oss. Så eg får håpa han har lyst til å passera nokon av dei i morgon.

Ein liten ekstraopplysning til dei som les Stallskriket: Der står det at "Kusken trener ham også hjemme og har bra kjennskap til ham, det er en fordel i disse løpene." Eg vil berre informera om at dette er heilt feil! Dei har skrive det dei vil. Eg har aldri køyrt hesten før, og det einaste eg har trent han er eit par-tre rideturar for over eitt år sidan.

Motstanden 1:
Verst i mot trur eg Solberg Jerkeld blir. Han har den beste kusken, i den ferske NM-vinnaren for damer Kristine. Hesten har gått fleire gode løp den siste tida og Kristine veit å få fart på hestane. Kan fort vinna. Horgen Vinna gjekk godt i sitt siste løp og har flink kusk. Ho har fordel av å stå på strek, så ho kan nok leda lenge. Hogsnes Kongen kjem ut i ny regi, så kanskje han kan blanda seg i trippelkampen direkte? Sergodtut er flink når ho går feilfritt, men er kanskje ikkje den lettaste hesten å køyra. Kapasiteten er god nok til å hevda seg. Knøttlita gjekk gode løp på sommaren i fjor, men har berre starta to løp i år, så ho treng kanskje løp i kroppen. Motveit Mari har vore på trippelen i 5 av sine 8 løp, så ho kan nok kjempa om trippelplass igjen.

Startliste 1:
Løp: 7  NYSTEDTs stalljenteløp  (ca. kl. 20:20)
Kaldblods. 3-15-årige høyest 150.000 kr.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 60.000 kr., 40 m ved 100.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5B-3     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Horgen Vinna Stine Birkeland 45.000 1.31,1v
2040 2 Ådne Kongen Oda Verdal 44.000 1.31,0v 1.31,0a
2040 3 Knøttlita Ronja Good 54.000 1.30,0v 1.35,3a
2040 4 Hogsnes Kongen Monica Refsland 50.000 1.32,5v 1.31,0a
2060 5 Sergodtut Ragnhild Tjaum 92.000 1.29,1v 1.31,9a
2060 6 Motveit Mari Renate Lea 87.000 1.32,7v
2060 7 Solberg Jerkeld Kristine Kvasnes 89.000 1.28,1v 1.30,2a
2060 8 Viljar Kongen Rannveig Gudmestad 70.500 1.31,2v 1.32,9a
2060 9 Tysvær Sølvi Merethe Stangeland 77.000 1.29,1v 1.32,4a
2080 10 Madla Tor Charlotte Steine 103.000 1.26,8v

I det andre løpet skal eg køyra Alezan Labrousse, som har same eigarar som Eggen Prins. Eg har heller ikkje køyrt han tidligare. Han har skuffa litt etter han kom til dei nye eigarane, sjølv om han nærma seg rekorden sin i sin nest siste start. Eg veit ikkje om distansen er noko fordel for han. Han har ikkje starta sidan 31. juli, så det er mogeleg han treng nokre løp i kroppen for å koma skikkelig i gang. Me får prøva å køyra for å få ein premie i dette løpet, får spor ytterst bak bilen.

Motstanden 2: Eg trur Kristine vert den verste konkurrenten også i dette løpet. Let There Be Rock har gått mange gode løp den siste tida og sigeren lurer like rundt hjørna, den kan koma her. Kings Photo står fint til i førstespor bak bilen, og er nesten sikra eit fint løp. Kanskje han kan dra fordel av det til slutt om han held seg i trav. Why Not Lucky har heller ikkje starta sidan 31. juli og treng kanskje løp i kroppen, men hadde fin form før pausen og skal reknast i toppen i dette løpet. Cryptonite vart diska for galopp med same kusk sist, men har fleire gode resultat å visa til tidligare i år. Emil Wibb er nesten umogeleg å få feilfritt rundt i travløp, men om han skulle gå i riktig gangart kan han kjempa i toppen. La Diabla vann midt i juni, men har galoppert seg bort etterpå. Variable prestasjonar, men god nok til trippelplass om ho har ein god dag.

Startliste 2:
Løp: 10  Klepp og Omegn Travklubbs Dameløp  (ca. kl. 21:10)
Varmblods. 3-12-årige høyest 70.000 kr.
2040 m. Autostart.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Auto
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Kings Photo Gunn Elisabeth Vigane 40.500 1.19,5v 1.17,3a
2040 2 La Diabla Ragnhild Tjaum 61.500 1.16,6v 1.16,4a
2040 3 Emil Wibb Camilla Sund 59.000 1.17,2v 1.16,4a
2040 4 Cryptonite Marita Bjelland Skjæveland 49.500 1.18,4v 1.15,0a
2040 5 Let There Be Rock Kristine Kvasnes 57.500 1.18,9v 1.15,2a
2040 6 Why Not Lucky Ronja Good 62.000 1.17,5v 1.16,7a
2040 7 Alezan Labrousse Charlotte Steine 59.113 1.18,7v 1.15,2a


Eit bilete av Madla Tor:



Og eit av Alezan Labrousse:

Kommentarer

Populære innlegg