Bergenstur med Tøffe Toft

I dag skal eg ein dagstur til Bergen. Eg fekk spørsmål om eg ville ri Tøffe Toft i eit sprintløp, og sidan eg ikkje hadde førelesning i dag likevel sa eg ja. Så då er det ut på tur igjen. Eg har aldri ridd han før, så eg veit ikkje heilt korleis han er. Han gjekk montéprøveløp på 34,7 i august 2010. Så debuterte han med 2. plass i Rappfots Æresløp med Kristine Kvasnes på ryggen. Då trava han 27,9, og det er einaste sprintløpet han har gått i travritt. Etterpå fekk han ein 5. plass for Kine Vikse og så enda han uplassert. Sist han var ute i monté gjekk han eit fint løp og fekk 3.plass bak gode Knell. Han har gått nokre gode travløp den siste tida, så formen er nok ikkje så verst. Det største minuset er at me har 80 meter tillegg, og det kan fort verta for mykje på ein sprint. Løpet er skrive ut med 20 meter godtgjørsle for hopper, så det er nokon av konkurrentane som står veldig godt inne. Me får håpa me klarar å treffa starten godt, slik at me får henta inn litt av tillegget der. Så får me ri etter best mogeleg premie etterpå.

Motstanden:
1. Eng Frøkna: Montédebutant. Står åleine på strek. Trava 36,9 i prøveløpet, så er vanskeleg å bedømma. Ledar nok uansett ei stund.
2. Alva: Har berre gått eitt montéløp. Det trava ho på 28,4 og resulterte i ein 8. plass i Rappfots Æresløp. Ho har nok fordel av distansen, og om ho får ein god start så kan ho fort sitta i tet eller ledarrygg. Om ho travar 1.28 her kan ho fort vera vinnaren.
3. Gosengutt: Har gått godt i sine montéløp tidligare. Kreftene tok slutt på oppløpet sist, så han vart speeda ned. Rytteren vil ha tet, og kan nok få det om ho treffer starten. Står 20 meter dårligare til denne gongen, så det kan kanskje bli for hardt mot god motstand.
4. J.H. Elden: Er ein veldig flink montéhest. Han kjem ut i sitt fyrste travritt i ny regi. Gjekk ny rekord i sin siste sulkystart, så eg går ut i frå at formen er på veg opp og at han skal reknast med sjanse sidan han likar seg best under sal.
5. Gil Rau Jo: Gjorde eit godt løp i sin siste start etter sommarbeite. Får oppassaren/trenaren tilbake på ryggen no. Har 20 meter forsprang på nokre av dei beste konkurrentane, er kjapp og tåler å gjera jobben sjølv. Kjemper i toppen igjen.
6. Gilborken: God montéhest. Har gått på beite i sommar, om det har gjort godt skal han reknast i toppen, sjølv om han står på langt tillegg.
7. Heffalompen: Har hatt eit opphald på austlandet utan dei heilt store resultata. Har gått ned på 1.26-talet på sprint. Må nok kanskje gjera det igjen for å hevda seg i toppen. Trippelkandidat.
8. Spyden: Har gått nokre gode montéløp, men er ikkje så enkel å få først i mål. Med Kristine på ryggen skal han reknast med sigerssjanse, sjølv om han står langt bak.

Startliste:
Løp: 8  Montéløp   (ca. kl. 20:55)
Montéløp
Kaldblods. 5-15-årige.
1600 m. Tillegg 20 m for hingster og vallaker. 20 m ved vunnet 125.000 kr., 40 m ved 275.000 kr., 60 m ved 425.000 kr., 80 m ved 850.000 kr.
Premier: 12.000-6.000-4.000-3.000-2.000-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5B-5     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
1600 1 Eng Frøkna Linda Elisabeth Larsen 73.000 1.29,8v 1.31,1a
1620 2 Alva Lise Hjetland 209.300 1.27,3v 1.26,8a
1620 3 Gosengutt Caroline L.B. Morken 96.500 1.29,5v 1.30,8a
1640 4 J.H. Elden Lene Rotneim 237.500 1.29,2v 1.28,7a
1660 5 Gil Rau Jo Evy Katrin Teigen 391.200 1.26,9v 1.26,5a
1680 6 Gilborken Victoria Steine 799.500 1.25,1v 1.23,8a
1680 7 Heffalompen Martin Opheim Gløersen 504.500 1.26,0v 1.25,4a
1680 8 Spyden Kristine Kvasnes 736.500 1.24,9v 1.25,3a
1680 9 Tøffe Toft Charlotte Steine 564.950 1.25,3v 1.25,1a

 Eit bilete av Tøffe Toft frå hans siste montéløp:

Kommentarer

Populære innlegg