Tøffe Toft utan premie

Eg var i Bergen for å ri Tøffe Toft frå det vanskelige utgangspunktet 80 meter tillegg på sprint den 13. september. Han virka veldig fin i varminga, og eg likte han godt. Då gjekk han godt i tøylane. I prøvestarten fekk han hovudet for langt ned og reiste i galopp, så eg drog opp sjekken godt for at det ikkje skulle skje i løpet. Me trefte starten fint, men han søkte ikkje særleg framover. Dermed gjekk eg inn i fyrstespor. Heile vegen rei ekvipasjen framføre ut i andrespor, og så inn att i førstespor, slik at eg ikkje kunne sleppa så mykje etter. Han tok ikkje i noko tid i løpet, berre hang på dei andre. Dermed enda me uplassert. Tida var 1.29,2 og det er ei god tid på den gjørmebanen, men han blas veldig mykje etterpå. Banen kosta nok for mykje krefter for han som er så stor og kraftig. Han hadde nok heilt klart hatt fordel av lenger distanse, spesielt med så mykje tillegg. Eg likte han uansett veldig godt, og det var eit kjekt oppsitt å få.

Kommentarer

Populære innlegg