Premie i begge dameløpa

Eg har ikkje hatt så mykje tid til å blogga i det siste, men her kjem ein kjapp oppsummering.
Det fyrste løpet eg kjørte på damedagen på Forus var med Madla Tor. Det vart ein del omstartar, men eg traff betre og betre for kvart forsøk. Frå 40 meter tillegg var eg avhengig av å treffa starten, og det gjorde me. Me henta mykje med ein gong, men tempoet gjekk litt i rykk og napp, så me kom oss ikkje framover heilt slik eg ville. Ikkje alle er heilt klare på å halda sine spor, eller korleis ein skal takla galopperande hestar, så det er litt rot i løp med urutinerte kuskar. Men morro er det likevel. Til slutt enda me på ein fin fjerdeplass, etter ein veldig drøy siste sving. Madla Tor trava 1.31,1.

I det siste løpet køyrde eg Alezan Labrousse. Han var veldig hissig i både varminga, prøvestarten og oppkøyringa bak bilen. Normalt er han veldig startrask og bruker ein del krefter i startfasen, sidan han hadde vore litt svak til mål i dei siste innsatsane sine bestemte eg meg for å ta det rolig frå start og spara til slutt. Eg haldt det eg kunne, og kom perfekt til i andre utvendig. Der låg me heile løpet. Ned siste bortre langsida kjentes han veldig sprek ut, så eg hadde lyst å angripa, men med dei svake sluttprestasjonane i dei siste løpa haldt meg att. Dermed vart me sitjande i posisjonen heilt til mål. Ein av konkurrentane kom bakfrå og passerte oss, men me fekk 5.plass på 1.18,2.

Desse bileta har Rune Eikeland tatt: Eitt av Madla Tor:



Og eit av Alezan Labrousse:

Kommentarer

Populære innlegg