Pay Back i debut!

Endeleg skal eg få prøva Pay Back Money i montéløp. Han er ein kjekk hest med fin størrelse. Prøveløpet gjekk han på 1.19,1 og det var fyrste gongen han gjekk hurtig under sal, så det vert spennande å sjå om det er framgang etter det. Eg skal ri eit hurtigarbeid på han i morgon som ein siste sjekk, og håper at alt ser bra ut då. Eg veit ikkje kor fort han kan gå i monté, men eg trur han er ein hest som passar godt i travritt, så det vert spennande å sjå om eg får rett.

Motstanden:
1. Earlina: Imponerte meg i debutløpet sitt og viste at ho kunne litt under sal. Linda har eit godt tak i hoppa og ho kan dukka opp på trippelen igjen.
2. Emil Wibb: Er flink i monté og leverte ein god innsats på Sørlandet. Han galopperte vekk sigeren då. Forrige start på Forus tulla han fælt og brøyt utover i svingane, det trur eg ikkje han har tid til. Uansett er det ein kapabel hest med god rytter som skal reknast med sigerssjanse. Går 1.17 på distansen og om han oppfører seg vert han vanskeleg å henta for dei som står på tillegg.
3. Ocean Laser: Har gått fleire montéprøveløp for å godkjenna rytteren sin, og gjekk fint på 21,8 i sitt eige kvalifiseringsløp. Då eg såg han i prøveløp trava han avgarde i 1.16-fart. Om rytteren klarer å fordela kreftene på ein okei måte, kan han kjempa om seieren her.
5. Zenitzia: Øydela for seg sjølv med galopp på Sørlandet sist, men gjekk likevel ny rekord då. Har fin form og har gått gode løp under sal. Anette kjenner hesten godt og vil nok kjempa om ein trippelplass igjen.
6. Overlover: Gjekk eit veldig fint prøveløp, men galopperte seg bort i montédebuten. Ny rytter her, så det er kanskje premie som er målet denne gongen.
7. K.L.M. Kilroy: Har svak form og jaktar ein premie.
8. Moon Ulvholm: Har gått bra i nokre av montéløpa sine, men har falt litt ut av det den siste tida. Må vera forbetra for å kunna kjempa om meir enn ein premie her.
9. Kings Centaurus: Står med 40 meter tillegg på mange brukande strekhestar. Kari Anne hadde sigersambisjonar og tru på hesten. Han er god nok når han er i form, men han må gå fort for å vinna dette løpet.

Dersom Pay Back er så god som eg håpar, så trur eg han kan vera med å kjempa om ein trippelplass her.


Løp: 1  Montéløp   (ca. kl. 18:00)
Montéløp
Varmblods. 4-12-årige.
2040 m. Tillegg 20 m ved vunnet 150.000 kr., 40 m ved 450.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Varmblods      Volte
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2040 1 Earlina Linda Bø 116.277 1.16,9v 1.15,4a
2040 2 Emil Wibb Kristine Kvasnes 45.000 1.17,2v 1.16,4a
2040 3 Ocean Laser Ann Kristin Rasmussen 102.818 1.17,2v 1.15,4a
2040 4 Pay Back Money Charlotte Steine 133.058 1.17,4v 1.15,7a
2040 5 Zenitzia Anette Selliken 73.500 1.17,5v 1.16,6a
2060 6 Overlover Ronja Good Djøseland 225.769 1.16,8v 1.14,2a
2060 7 K.L.M. Kilroy Monica Refsland 369.500 1.16,9v 1.14,6a
2060 8 Moon Ulvholm Christine Pedersen 180.424 1.18,1v 1.15,6a
2080 9 Kings Centaurus Kari Anne Knutsen 642.893 1.15,5v 1.13,3a


Bilete frå prøveløpet. Foto: Rune Eikeland.

Kommentarer

Populære innlegg