2. plass i debutløpet

På tysdag debuterte Pay Back Money i montéløp. Planen var å koma ned  i ledarrygg og få eit fint løp fyrste gongen ut. Problemet var at me var veldig treige og rei altfor langt bak i vår motsette volte. Pay Back er stor og han var vanskeleg å få gang på i volten, me fekk dermed ein veldig dårlig start. Eg ville ikkje ri i dødens med han, så eg la meg rolig til rette i fjerde innvendig.

Kristine drog avgarde i 1.17-tempo frå start, fyrste 500 meter etter 1.17,9 og første 1000 meter etter 1.17,2. På førehand ville eg sitja i rygg lengst mogeleg, og aller helst til  oppløpet. Men nedover siste bortre langsida såg eg at Emil Wibb fekk nokre lengder ned til rygghesten, så eg fann ut at eg måtte angripa, sjølv om eg ikkje eigentleg ville det. Pay Back runda enkelt dei to hestane som låg framføre oss og kom opp på ein klar andreplass nokre lengder bak Emil Wibb.

Inn på oppløpet brøyt Emil Wibb utover i banen, men Kristine klarte å berga han frå galopp så dermed vart det den klare vinnaren. Pay Back fullførte fint inn til mål, men la litt av dei siste metrane sidan han gjekk åleine heilt frå midten av siste svingen. Eg var veldig nøgd med innsatsen hans til 2. plass på 1.20,1. Dette var tredje gongen han gjekk hurtig under sal i løpsbanen etter han kom til oss, så det synest eg var ein god innsats.

Med dette løpet fekk eg fyrste trippelplasseringen i den nye drakta, så då får eg håpa at det held fram slik.

Nokre bilete frå løpet:

  
Varming, foto: Rune Eikeland

Prøvestart, foto: Rune Eikeland

Siste sving, foto: Elli Larsen


Rett før målgang, foto: Rune Eikeland

Kommentarer

Populære innlegg