Mitt fyrste rekruttløp for året

Tidlegare har eg berre skrive om montéløpa mine i denne bloggen, men i år tenkte eg at det kunne vera ei god erfaring å skriva om sulkyløpa eg er ute i òg. Dette vert dermed min fyrste sulkyløp-blogg.

Eg skal ut i mitt fyrste sulkyløp for året med Ida Beate Vikse-trente Miras Frigg. Det er ein fire år gammal vallak som har tent 36.500 kroner i karrieren. Det fortaste han har trava er 1.33,0aM og 1.34,5M. Han har galoppert i halvparten av løpa sine, men har vore flink og henta seg premie i alle utanom eitt løp. Av dei 13 løpa han har starta har han tatt ein andreplass og fire tredjeplassar, i tillegg til 6 øvrige premiar.

Me har fått andrespor i volten og bør dermed få ein grei start. Eg kjenner ikkje så mykje til han, men Ida Beate Vikse skreiv til meg i ein sms at han er i bra form og er ein av dei flinkaste i sitt grunnlag. Så då får eg stola på det og håpa at eg klarar å losa han feilfritt rundt banen i Bergen. Det er mange urutinerte kuskar og ti hestar på tillegg, så det er fare for at det vert nokre omstartar i dette løpet.

Motstanden: 
Verst i mot er nok Høiby Gullet. Tina køyrer godt og har ein ekstremt høg sigersprosent. Når ho tek turen til Bergen for å køyra, er det ikkje utan ambisjonar. Erlend Rennesvik har vist at han har godt tak på løpskøyring og tok seg av fleire av rekruttløpa i fjor. Han kan vinna igjen, denne gongen har han sjansen med Haukeli Blæsen. Kristine tek turen og skal køyra Reidunn, ho vinn med alt ho tek i for tida og skal reknast med sigerssjanse her òg, sjølv om ikkje hesten har vunne løp før. Loke Faks har gått fleire gode løp og kjemper om ein trippelplass her. Ve Blesa er ei kapabel hoppe som har kapasitet nok til å vinna dette løpet. Ho har vore hjå Åsbjørn Tengsareid for å få behandling etter sin siste start, og skal ut i frå det vera forbetra. Kusken kjenner ho frå trening og har vunne fleire løp, men ho er kanskje ikkje den lettaste å køyra i løp.

Bak desse er det ganske ope. Amor Stjerna har vunne to løp, men har litt varierte prestasjonar. Har ein av dei mest rutinerte kuskane og kan ha ein fordel på det. Kuven Frigg leverer nokre gode innsatsar innimellom, men er ikkje enkel å få fyrst i mål. Han hadde nok hatt fordel av kortare distanse. Frøken Fakse gått jamne løp og fått premiar, kan kanskje få ein trippelplassering med rett løp. Lomespretten har vunne to løp og vore ni gonger på trippelen, men han har urutinert kusk som debuterer i travløp her. Gikling Jenta, Ternas Evita, Dragespretten, Timon T. og Rato Havre Rappa er nok alle ute etter ein premie i dette løpet.


Løp: 6    (ca. kl. 19:30)
Kaldblods. 3-15-årige høyest 90.000 kr.
2100 m. Tillegg 20 m ved vunnet 45.000 kr.
Premier: 14.000-7.000-4.000-3.000-2.500-(2.000) kr.
Kaldblods N/SV      Volte V5-5     V5B-2     
Dist. Nr Hestens navn Kusk Inntjent Volt Auto
2100 1 Loke Faks Victoria Steine 41.000 1.33,5v 1.32,8a
2100 2 Miras Frigg Charlotte Steine 36.500 1.34,5v 1.33,0a
2100 3 Ve Blesa Eivind Bryn 37.000 1.31,2v 1.33,0a
2100 4 Gikling Jenta Mats Gunnar Ringberg 41.000 1.33,5v 1.33,7a
2100 5 Ternas Evita Lene Bjånes Indrevær 42.600 1.32,2v 1.35,0a
2120 6 Høiby Gullet Tina Storetvedt 85.500 1.29,9v 1.30,0a
2120 7 Lomespretten Silje Jordalen 82.000 1.32,4v 1.31,1a
2120 8 Dragespretten Vegard Lundstrøm Wolden 63.000 1.31,2v 1.30,6a
2120 9 Timon T. Susanne Evensen Rasmussen 70.000 1.31,7v 1.30,7a
2120 10 Frøken Fakse Ingrid Helland Olsen 51.000 1.32,6v 1.32,6a
2120 11 Reidunn Kristine Kvasnes 53.500 1.31,3v 1.32,4a
2120 12 Kuven Frigg Cecilie Breivik 64.000 1.32,8v 1.31,6a
2120 13 Haukeli Blæsen Erlend Rennesvik 59.500 1.32,6v 1.28,8a
2120 14 Amor Stjerna Morten A. Pedersen 73.500 1.31,9v 1.31,8a
2120 15 Rato Havre Rappa Lars Kristiansen 82.500 1.30,1v 1.30,4a

Miras Frigg og Svein Ove Wassberg i eit løp i Bergen, foto: Rune Eikeland.

Kommentarer

Populære innlegg